Aker Biomarine skuldar Emerald Fisheries, Olympic Seafood og Rimfrost for å ha brote Aker Biomarine sine patentrettar, og gjekk i januar i år til sak mot selskapa i USA.
I søksmålet krev Aker BioMarine at Rimfrost og tilhøyrande selskap stansar bruk av Aker BioMarine sin patenterte produksjonsmetode, og også stansar sal av krillolje i USA. Aker BioMarine krev og erstatning.
I august klaga Aker Biomarine Rimfrost inn for International Trade Commission (ITC), som er eit offentleg organ som etterforskar ulovleg import av kopiprodukter til USA.
I førre veke avgjorde ITC å starte etterforsking for å avgjere om Rimfrost sine krillprodukt skal bli utestengde frå USA, skriv Aker Biomarine i ein epost til NETT NO. Aker Biomarine ventar ei avgjerd i klagen til ITC sommaren 2017.
Tysdag 20. september opna Søre Sunnmøre tingrett offentlege gjeldsforhandlingar i krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries. I følgje kjennelsen grunngav Emerald Fisheries betalingsvanskane og begjæringa om gjeldsforhandlingar med søksmålet frå Aker Biomarine. Selskapet har ikkje raskt nok greidd å finne alternative marknadar til USA.
I følgje kjennelsen om gjeldsforhandlingar er vurderinga frå Emerald Fisheries sine advokatar at dei "anser søksmålet for svakt, men tvisten først kan ventes avgjort i 2018."
«Det er selvsagt trist å se at Stig Remøys krillsatsning er i økonomisk uføre, og at investorer, banker og leverandører står i fare for å tape betydelige summer. Emerald Fisheries oppgir Aker BioMarines søksmål i januar 2016 for patentbrudd i USA som årsaken til at selskapet er i dette økonomiske uføre. Det står i sterk kontrast til uttalelser fra selskapet selv og hovedaksjonær Olympic Holding AS om at krillfangst historisk stort sett har blitt solgt til interne selskaper og endt på lager uten å bli solgt til eksterne kunder," skriv Johansen i eposten til NETT NO.
Johansen viser mellom anna til opplysningane frå Olympic Holding i rettsaka om verdien på aksjane i samband med utløysing av minoritetseigarane i Emerald Fisheries, der Frostating lagmannsrett nyleg kom med ein kjennelse. (Du kan lese kjennelsen ved å klikke på linken i slutten av artikkelen).
Frå midten av 2015 har selskapet fått innvilga 10 patentar, med over 200 patentkrav. Patentane dekkjer produksjonsmetode, produkt, og bruk av krillolje.
«Patentsystemet er etablert for å beskytte investeringer i forskning og utvikling. I midten av 2015 fikk Aker BioMarine sine første patenter innvilget i USA, basert på nyskapende forskning tilbake i 2007. Disse patentene er viktige for alle som er involvert i det amerikanske krilloljemarkedet. Aker BioMarine verdsetter konkurrenter som bidrar til å bygge opp og utvikle krillindustrien. Selskapet må derimot bruke sine patenter til å beskytte sin posisjon mot selskaper som utelukkende kopierer og urettmessig søker å utnytte det andre har skapt», skriv Johansen i eposten frå Aker Biomarine.
I søksmålet krev Aker BioMarine at Rimfrost og tilhøyrande selskap stansar bruk av Aker BioMarine sin patenterte produksjonsmetode, og også stansar sal av krillolje i USA. Aker BioMarine krev og erstatning.
I august klaga Aker Biomarine Rimfrost inn for International Trade Commission (ITC), som er eit offentleg organ som etterforskar ulovleg import av kopiprodukter til USA.
I førre veke avgjorde ITC å starte etterforsking for å avgjere om Rimfrost sine krillprodukt skal bli utestengde frå USA, skriv Aker Biomarine i ein epost til NETT NO. Aker Biomarine ventar ei avgjerd i klagen til ITC sommaren 2017.
To saker
Klagen til ITC kjem i tillegg til søksmålet, men har den fordelen - sett frå Aker Biomarine si side - at det kan kome eit vedtak om utestenging av Rimfrost sine krillprodukt på eit tidlegare tidspunkt enn ei avgjerd i søksmålet som vart reist i januar i år.Tysdag 20. september opna Søre Sunnmøre tingrett offentlege gjeldsforhandlingar i krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries. I følgje kjennelsen grunngav Emerald Fisheries betalingsvanskane og begjæringa om gjeldsforhandlingar med søksmålet frå Aker Biomarine. Selskapet har ikkje raskt nok greidd å finne alternative marknadar til USA.
I følgje kjennelsen om gjeldsforhandlingar er vurderinga frå Emerald Fisheries sine advokatar at dei "anser søksmålet for svakt, men tvisten først kan ventes avgjort i 2018."
Vanskar før søksmål
Administrerande direktør Matts Johansen er ikkje samd i at det er Aker Biomarine sitt søksmål som har utløyst Emerald Seafood sine vanskar:«Det er selvsagt trist å se at Stig Remøys krillsatsning er i økonomisk uføre, og at investorer, banker og leverandører står i fare for å tape betydelige summer. Emerald Fisheries oppgir Aker BioMarines søksmål i januar 2016 for patentbrudd i USA som årsaken til at selskapet er i dette økonomiske uføre. Det står i sterk kontrast til uttalelser fra selskapet selv og hovedaksjonær Olympic Holding AS om at krillfangst historisk stort sett har blitt solgt til interne selskaper og endt på lager uten å bli solgt til eksterne kunder," skriv Johansen i eposten til NETT NO.
Johansen viser mellom anna til opplysningane frå Olympic Holding i rettsaka om verdien på aksjane i samband med utløysing av minoritetseigarane i Emerald Fisheries, der Frostating lagmannsrett nyleg kom med ein kjennelse. (Du kan lese kjennelsen ved å klikke på linken i slutten av artikkelen).
2,5 milliardar investert
I følgje selskapet har Aker Biomarine sidan 2003 investert 300 millionar dollar, rundt 2,5 milliardar kroner, i å utvikle produksjonsmetodar og krillprodukt,Frå midten av 2015 har selskapet fått innvilga 10 patentar, med over 200 patentkrav. Patentane dekkjer produksjonsmetode, produkt, og bruk av krillolje.
«Patentsystemet er etablert for å beskytte investeringer i forskning og utvikling. I midten av 2015 fikk Aker BioMarine sine første patenter innvilget i USA, basert på nyskapende forskning tilbake i 2007. Disse patentene er viktige for alle som er involvert i det amerikanske krilloljemarkedet. Aker BioMarine verdsetter konkurrenter som bidrar til å bygge opp og utvikle krillindustrien. Selskapet må derimot bruke sine patenter til å beskytte sin posisjon mot selskaper som utelukkende kopierer og urettmessig søker å utnytte det andre har skapt», skriv Johansen i eposten frå Aker Biomarine.
Publisert: 22.09.2016 11:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00