Krill dom utsett for tredje gang
DOM UTSETT IGJEN: Konsernsjef Matts Johansen i Aker Biomarine (lengst til høgre av dei i kvit skjorte) hadde håpa på ei avklaring i striden med Rimfrost før krillfiskesesongen 2019/2020. Det skjedde ikkje, og no er dommen utsett på ny. Til høgre for Johansen, Aker Biomarine sine advokatar, Gunnar Sørlie (med raudt slips) og Are Stenvik.
Nytt

Krill-dom utsett for tredje gang

Kjell Inge Røkke og Stig Remøy må vente enda lenger på ei avgjerd i striden mellom Aker Biomarine og Rimfrost.

12.03.2020
Frostating Lagmannsrett venta først at dommen i striden om retten til produksjonsteknologien i krilltrålaren Juvel skulle vere klar i januar. Så varsla retten om at den kom i februar, og deretter i mars. No er tidspunktet for når dommen kjem utsett på nytt.
Ny dato er sett til 31. mars, ifølgje retten.
Rettsaka vart avvikla i Ålesund før jul 2019.

Alvorlege konsekvensar

Begge partar i rettsaka i lagmannsretten sa at eit nederlag ville vere alvorleg for dei. Aker Biomarine er eigd av Aker-konsernet, med Kjell Inge Røkke som dominerande eigar. Rimfrost er eigd av Stig Remøy.
Striden mellom Aker Biomarine og Rimfrost og søsterselskapet Rimfrost Technologies gjeld retten til produksjonsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel, som Aker Biomarine kjøpte etter at eigaren, krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries - med Stig Remøy som hovudeigar - blei slått konkurs i 2017.
Aker Biomarine meiner retten til teknologien var med på kjøpet, Rimfrost at teknologien tilhøyrer Rimfrost.

Publisert: 12.03.2020 16:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54