Milliardplan ved Bryggja
Milliardinvestering er planlagt ved den tidlegare olivinutskipingshamna ved Bryggja i Nordfjord, som har vore opplagsplass for skip i fleire år.
Bak planane som kan skape nytt liv og røre på industriområdet på Kalneset ved Bryggja i Nordfjord står det familieigde entreprenørselskapet Kvernevik Gruppa - med adresse Bryggja - og oppdrettselskapet Eide Fjordbruk i Hordaland.
Saman eig dei selskapet Sjømatstaden, der Kvernevik eig 55 prosent og Eide Fjordbruk resten.
Selskapet gjer i desse dager ferdig ein søknad om å få bygge eit landbasert storsmoltanlegg på området, og vil på lengre sikt ha lukka oppdrettsanlegg i sjøen rett utanfor industriområdet der laksen kan vekse seg slakteklar.
Planen er å utvide til oppdrett av fleire artar, og også drive forsking og utvikling.
Utnytte spillvarme
Kalneset var tidlegare utskipingshamn for olivin frå den nedlagte olivingruva på Lefdal, lenger inne i Nordfjorden.
Den gruva er i dag eit datalagringssenter i sterk vekst. Datalagringssenter lagar varme, og planen er å bruke overskotsvarmen frå datalagringssenteret til å få optimal temperatur i smoltanlegget, seier dagleg leiar Lars Endre Myklebust, som er ansvarleg for utviklinga av Kalnesområdet.
Fullt utbygd er det snakk om ei investering på over ein milliard kroner, seier han.
Ideen om å utvikle den tidlegare utskipingshamna vart klekt ut hos Kvernevik, som starta søk etter partnarar i oppdrettsbransjen då det vart avklart at det skulle satsast på oppdrett. Eide Fjordbruk kom øverst på lista i Kvernevik Gruppa sitt søk etter aktuelle partnarar, og sa også ja til å bli med då dei vart spurde, fortel Myklebust.
To steg
Smoltanlegget til Sjømatstaden er planlagt bygd ut i to like store steg, med ein kapasitet på til saman 15.000 tonn fisk. Anlegget skal bli eit såkalla storsmoltanlegg, der fisken veks opp til to kilo før den blir sett ut i anlegg i sjøen.
Fleire oppdrettselskap har dei siste åra satsa på såkall storsmoltanlegg fordi større fiske er meir robust til å klare seg i sjøanlegg, og fordi reglane for som regulerer kor mykje fisk som kan stå i sjøen gjer at oppdrettselskapa kan auke produksjonskapaisteten ved å la laksen vekse seg større på land.
Treng politisk avklaring
Myklebust seier anlegget på Kalneset skal kunne drivast med overskot som eit reint smoltanlegg.
Målet for Sjømatstaden er likevel å få løyve til å drive oppdrett i lukka anlegg, som skal flyte i sjøen utanfor Kalneset. Selskapet arbeider med å utvikle si eiga løysing for flytande, lukka anlegg.
Den førre regjeringa lanserte såkalla miljøteknologitillatelsar, ei ordning som skulle kunne gi oppdrettselskap nye konsesjonar - så sant oppdrettsanlegga i sjøen var lukka. Det betyr mellom anna slamoppsamling og filtrering av vatnet som blir pumpa gjennom anlegga.
Det er denne ordninga Sjømatstaden satsar blir innført og at selskapet kan kome inn under.
Målet er 10.000 tonn ståande biomasse og ein årsproduksjon på opp mot 30.000 tonn, seier Myklebust.
Har ikkje konkludert
Framlegget om miljøteknologitillatelsar er ute på høyring, men dagens regjering har ikkje sett nokon dato for når det blir teke ei avgjerd om kva som eventuelt skjer vidare.
"Vi går nå gjennom høringsinnspillene på forslaget om egne miljøteknologitillatelser, og har ikke endelig konkludert på hvordan denne høringen skal følges opp. Regjeringen er opptatt av teknologiutvikling. Samtidig har vi arvet et skikkelig lappeteppe av ulike tillatelsestyper. Vi må se helhetlig på dette. Vi rydder nå opp i klagesaker fra tidligere ordninger som jeg har arvet etter mine forgjengere. Departementet har om lag 50 klager på særtillatelser til behandling, det gjelder både klager på utviklingstillatelser, visningstillatelser, forskningstillatelser, undervisningstillatelser og stamfisktillatelser.", skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ein epost til NETT NO.
Publisert: 17.06.2022 10:30
Sist oppdatert: 17.06.2022 10:11