Ei overvekt av eksportretta bedrifter svarer at tiltaka som sett sitt for å hjelpe bedrifter i møte med koronakrisa, så langt ikkje er tilpassa deira situasjon.
Det kjem fram i grunnlaget til ei uttale frå det breitt samansette partnarskapet for verdiskaping i Møre og Romsdal.
Kring halvparten av bedriftene i maritim-, petroleum- og reiselivs-sektorane, svara at tiltaka i liten grad passa dei. Mellom verksemder i den marine bransjen svara heile 80 prosent det same.
– Dei sit på kunnskap og avansert teknologi som er utvikla over mange tiår, og som Noreg er heilt avhengig av i åra som kjem, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve i ei på fylkeskommunen sine heimesider.
I ei uttale til regjeringa og sentrale næringspolitikarar på Stortinget kjem partnarskapen med ei oppmoding om at det blir laga langsiktige tiltak som støttar eksportbedriftene. Dei ber spesielt om at dei som sitt tett på næringane får gode moglegheiter til å kome med innspel til korleis krisetiltaka bør utformast.
Partnarskapen består av Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, NHO, LO, Innovasjon Norge, Forskningsrådet, NAV, Siva og KS.
(lenke til ekstern pdf-fil)
Det kjem fram i grunnlaget til ei uttale frå det breitt samansette partnarskapet for verdiskaping i Møre og Romsdal.
Undersøking av Møreforsking
I veka etter påske gjorde Møreforsking ei undersøking mellom bedrifter i fylket for å finne ut kva tiltak som gir mest hjelp til bedriftene, og for få eit faktagrunnlag i diskusjonen med sentrale styresmakter.Kring halvparten av bedriftene i maritim-, petroleum- og reiselivs-sektorane, svara at tiltaka i liten grad passa dei. Mellom verksemder i den marine bransjen svara heile 80 prosent det same.
Har kritisk kunnskap
Møre og Romsdal er , og partnarskapen er uroa for framtida til desse verksemdene.– Dei sit på kunnskap og avansert teknologi som er utvikla over mange tiår, og som Noreg er heilt avhengig av i åra som kjem, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve i ei på fylkeskommunen sine heimesider.
Les også:
I ei uttale til regjeringa og sentrale næringspolitikarar på Stortinget kjem partnarskapen med ei oppmoding om at det blir laga langsiktige tiltak som støttar eksportbedriftene. Dei ber spesielt om at dei som sitt tett på næringane får gode moglegheiter til å kome med innspel til korleis krisetiltaka bør utformast.
Partnarskapen lister opp følgande punkt dei er spesielt opptekne av
:- Treffsikre tiltakspakkar må utformast i nært samarbeid med bransjane sjølve.
- Ein plan for auka skipsbygging må kome i statsbudsjettet for 2021.
- Industrien må gis moglegheit til å utvikle nye løysingar retta mot det grøne skiftet.
- Det må leggast til rette for meir produktutvikling og innanlands foredling av fisk.
- Det må satsast meir på forsking og innovasjon innanfor havbruk, m.a. fiskehelse.
- Det må leggast til rette for utvikling av karbonfangst og lagring (CCS), havvind og ny verdiskaping basert på ressursane i havet, jfr. regjeringas havstrategi.
- Møbel- og ferdigvareindustrien treng kompetanseutvikling og ei ny eksportordning.
- Reiselivet treng utviklingstiltak, og det hastar med gode løysingar knytt til framtidige restriksjonar på cruisetrafikken i fjordane.
- Infrastrukturprosjekt som aukar verdiskapinga må prioriterast, dvs. styrke eksportaksen inn og ut av fylket og verdiskapingsaksen frå nord til sør i fylket.
Partnarskapen består av Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, NHO, LO, Innovasjon Norge, Forskningsrådet, NAV, Siva og KS.
(lenke til ekstern pdf-fil)
Publisert: 28.04.2020 11:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56