KS Hastar med aa auke stoetta til elferjer
Kommunane sin interesse- og arbeidsgivarorganisasjon (KS) meiner fylka ikkje blir godt nok kompensert for utgifter knytt til det grøne skiftet.
Nytt

KS: Hastar med å auke støtta til elferjer

KS støttar kystfylka og meiner staten ikkje har betalt kva det kostar å legge frå diesel til eldrift. 

Marius Rosbach
10.01.2020
(NPK): Mange dieseldrivne hurtigbåtar og ferjer blir no skifta ut til fordel for elektriske alternativ. KS meiner fylka ikkje blir tilstrekkeleg kompensert for dei auka utgiftene.
KS har tidlegare åtvara mot at fylke som går føre i å kutte i klimautslepp frå ferjer og hurtigbåtar vil få ein auka driftskostnad, noko dei meinte ville resultere i reduserte rutetilbod og auka billettprisar.
Denne veka fekk samferdsleminister Jon Georg Dale, eit opprop underteikna av 45 ordførarar. Dei krev at staten innfører makspris på ferjer. Prisane har auka frå nyttår, noko som til dels blir forklart med utgifter til nye elektriske ferjer.
Helge Eide, områdedirektør i KS, seier han forstår frustrasjonen bak ferjeopprøret:
– Både Møre og Romsdal og Vestland fylkeskommune har solid dokumentasjon på at dei ikkje er kompensert for dei faktiske meirutgiftene ved å gå over til elferjer, seier Eide til Kommunal Rapport.
Ifølgje Kommunal Rapport var meirutgiftene ved overgang til elferjer vurdert til fem prosent. For å dekke dei ekstra kostnadane la regjeringa inn 100 millionar i inntektssystemet, den så kalla «ferjenøkkelen». Dette meiner KS-direktøren ikkje er nok.
– Dei faktiske meirkostnadane er vesentleg høgare. I Vestland har driftskostnadane auka med 18 prosent, seier Eide.

Les meir:



KS-direktøren meiner derimot at ein auke i «ferjenøkkelen» ikkje er løysinga aleine.
– Nøkkelen omfordeler berre pengar mellom fylkeskommunane, og då vil det bli endå mindre pengar til fylke med få eller ingen ferjer. Ei betre løysing er å gjennomføre ei særskilt fordeling gjennom inntektssystemet, på same måte som det i dag blir gjort vurderingar ut frå fylka sine behov for vegvedlikehald, seier Eide.
(©NPK)

Les meir:



Publisert: 10.01.2020 22:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49