Nytt
Kvamsøy-brør får ros etter frisk satsing
Eksportkreditt rosar brørne Kenneth og Ronny Beitveit etter at dei kjøpte eit offshoreskip og ombygde skipet til avlusingsskip for oppdrettsnæringa.
22.06.2020
- Det er ei eventyrlig historie om kreativitet, eventyrlyst og innovasjon og eit ønske om å løyse eit stort problem i sjømatnæringa, nemleg lakselus, seier kunderådgivar Stig Gjethammer i Eksportkreditt.
- Samtidig er det også veldig bra at vi gjennom dette har løfta eit skip ut av ein marknad med stor overkapasitet. Dette er smart omstilling i praksis.
Det tidlegare Bourbon Offshore-skipet har blitt ombygd ved Myklebust Verft i Gursken.
Verftsdirektør Inge-Jonny Hide seier at det er ei viktig kontrakt for verftet.
- Det er viktig at lokale reiarar kjem til oss, og at dei er fornøgde med arbeidet vi gjer. Det er ein god garanti for at også andre reiarar kjem hit.
Men ingen kontrakt var klar då brørne sette seg på eit fly til afrikas vestkyst, og kjøpte det ti år gamle offshoreskipet frå franske Bourbon.
Før hadde båten vore på oppdrag i Brasil og Vest-Afrika. No er det norsk lusekamp som vert oppdraget.
- Vi hadde kjøpt båten, og hadde mange planar og idear for den, men ingen samarbeidspartnarar eller finansiering på plass da vi sto på kaia i Afrika, seier Kenneth Beitveit, i ei pressemelding.
I staden vart det sett på mulegheita å kjøpe og byggje om eit forsyningsskip til eit flytande avlusingsanlegg for oppdrettsfisk.
Dei ville ha eit skip som hadde diselelektrisk framdrift.
Kenneth Beitveit seier at han hadde idèen ei stund, men sleit med å få nokon med seg.
- Bankane ville ikkje finansiere før vi hadde kontrakt, og kundane ville ikke gi kontrakt før dei såg båten.
Eksportkreditt har bidratt med 16,7 millionar kroner i finansiering av anlegg og oppgradering, med GIEK og Sparebanken Møre som garantistar. Låntakar er Beitveit Holding.
Stig Gjethammer meiner at prosjektet kan bane veg for nyvinningar i sjømatnæringa.
- Denne båten skal brukast som eit utstillingsvindu for nyvinningar Skamik og Beitveit gjer innanfor avlusing, og det blir svært spennande å følgje dette prosjektet vidare, seier Gjethammer.
- Samtidig er det også veldig bra at vi gjennom dette har løfta eit skip ut av ein marknad med stor overkapasitet. Dette er smart omstilling i praksis.
Det tidlegare Bourbon Offshore-skipet har blitt ombygd ved Myklebust Verft i Gursken.
- Viktig med lokale reiarar
Om bord er det blant anna installert tre store kraner på det 500 kvadratmeter store dekket, samt eit mekanisk avlusingsanlegg for oppdrettsfisk, levert av Skamik.Verftsdirektør Inge-Jonny Hide seier at det er ei viktig kontrakt for verftet.
- Det er viktig at lokale reiarar kjem til oss, og at dei er fornøgde med arbeidet vi gjer. Det er ein god garanti for at også andre reiarar kjem hit.
Kjøpte på spekulasjon
Beitveit har fått seks månaders kontrakt med Lerøy.Men ingen kontrakt var klar då brørne sette seg på eit fly til afrikas vestkyst, og kjøpte det ti år gamle offshoreskipet frå franske Bourbon.
Før hadde båten vore på oppdrag i Brasil og Vest-Afrika. No er det norsk lusekamp som vert oppdraget.
- Vi hadde kjøpt båten, og hadde mange planar og idear for den, men ingen samarbeidspartnarar eller finansiering på plass da vi sto på kaia i Afrika, seier Kenneth Beitveit, i ei pressemelding.
Frå fisk til oppdrett
Kvamsøy-reiarlaget har hatt ei rekkje fiskefartøy sidan oppstarten i 1974, men selde Stålegg, den siste båten, til eit kanadisk reiarlag i fjor.I staden vart det sett på mulegheita å kjøpe og byggje om eit forsyningsskip til eit flytande avlusingsanlegg for oppdrettsfisk.
Dei ville ha eit skip som hadde diselelektrisk framdrift.
Kenneth Beitveit seier at han hadde idèen ei stund, men sleit med å få nokon med seg.
- Bankane ville ikkje finansiere før vi hadde kontrakt, og kundane ville ikke gi kontrakt før dei såg båten.
Utstillingsvindu
Under den 25 døgn lange seglasen frå Senegal til Sunnmøre, tok dei kontakt med Eksportkreditt, og kort tid etter var finansieringa på plass for ombygging.Eksportkreditt har bidratt med 16,7 millionar kroner i finansiering av anlegg og oppgradering, med GIEK og Sparebanken Møre som garantistar. Låntakar er Beitveit Holding.
Stig Gjethammer meiner at prosjektet kan bane veg for nyvinningar i sjømatnæringa.
- Denne båten skal brukast som eit utstillingsvindu for nyvinningar Skamik og Beitveit gjer innanfor avlusing, og det blir svært spennande å følgje dette prosjektet vidare, seier Gjethammer.
Det er ei eventyrlig historie om kreativitet, eventyrlyst og innovasjon og eit ønske om å løyse eit stort problem i sjømatnæringa
Publisert: 22.06.2020 11:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58