Er stor optimist før jomfruturen
Toppsjefen i Havila Kystruten lovar at gjestane vil få ei matoppleving utanom det vanlege, og det vert ikkje buffet.
- Den store skilnaden frå dagens Hurtigruteskip, er at det er større lugarar på Havila Kystruten, meir moderne og miljøvenlege skip, og i tillegg satsar vi stort på at gjestane skal få ei skikkeleg matoppleving.
Det seier adm. dir. Bent Martini i Havila Kystruten vel to månader før Havila Capella legg ut på jomfruturen mellom Bergen og Kirkenes.
Han fortel om godt billettsal.
- Det ser veldig bra ut. Spesielt har vi fått mange bestillingar frå Tyskland og England, men også frå mange norske reisande.
Fjernar 60 tonn matsvinn
Martini viser spesielt til satsinga på matopplevingar, der gjestane kan velje mellom tre ulike restaurantar.
- Dette vert også ei reise i norske mattradisjonar.
Han fortel at Havila Kystruten vil gå vekk frå den tradisjonelle buffeten.
- Dette har også med matsvinn å gjere. Vi satsar på berekraft, og på denne måten vil vi redusere matsvinnet med rundt 60 tonn i året.
Oppstart 1. desember
Etter store forseinkingar, startar endeleg Havila Capella på ruta 1. desember.
Nøkkelpersonell er alt på plass ved Tersan-verftet i Tyrkia. Planen er å starte i slutten av oktober på den 14 døgn lange turen til Bergen. Turen skjer ved hjelp av batteri og LNG.
- Vi må fylle LNG ein gong. Det skjer i Cartagena i Spania.
På turen nordover vert det med eit mannskap på rundt 47 frå Havila Kystruten, i tillegg til servicepersonell og tilsette frå underleverandørar.
Når Havila Capella startar på sin første offisielle tur, skal det vere frå 67 til 70 tilsette frå Havila Kystruten om bord. Alle er norske, og dei skal gå toskiftsordning.
Etter planen skal skip nummer to, Havila Castor, starte seglingane 20. januar.
Rettssak i London
Dei to siste skipa, Havila Pollux og Havila Polaris, har Tersan-verftet lova ferdige i løpet av første og andre kvartal neste år.
Dei to skipa skulle opphavleg byggast ved Barreas-verftet i spanske Vigo, men det spanske verftet fekk store økonomiske problem og valde å kansellere kontrakten med Havila Kystruten 24. november 2019.
Havila meinte at kanselleringa var grunnlaus, men 11. februar 2020 kansellerte Havila kontrakten med Barreras, og tok ut søksmål mot verftet.
Havila krev no å få ut forskotet på 345,4 millionar kroner som var innbetalt til Barreras.
Denne striden hamnar høgst truleg i rettssystemet i London, der det er lagt opp til rettsleg høyring i juli neste år.
Bent Martini opplyser at utfallet av rettssaka ikkje får konskevensar for Havila Kystruten.
- Denne striden vert handtert av morkonsernet Havila Holding.
Avdelingskontor i Oslo
Han gler seg til å kome i gang for fullt. Då vil selskapet ha eit seglande mannskap på 480 til 500 personar, i tillegg til 30-35 i landorganisasjonen.
- Vi legg opp til å ha ein liten landorganisasjon. Den viktige jobben skjer om bord på skipa. Vi er i praksis berre støtte for dei seglande.
Hittil er alle tilsette lokalisert i Havila-bygget Diamanten på Mjølstaneset. Martini seier at det kan verte aktuelt å opprette eit lite avdelingskontor i Oslo.
- I så fall snakkar vi om fem-seks tilsette der.
Den viktige jobben skjer om bord på skipa. Vi er i praksis berre støtte for dei seglande
Hurtigruten-styrmann
Sjølv vekependlar Martini frå Asker til Fosnavåg, og vil halde fram med det.
Han har lang maritim erfaring, har mor frå Ålesund, og kjenner både Sunnmøre og ruta til kystruteskipa godt, blant anna etter fleire år på forsvarets fregattar. Han har også ein kort periode bak seg som styrmann på hurtigruteskipet Lofoten.
Til Havila Kystruten kom Martini etter at han var på jakt etter nye jobbar etter å ha gått av som adm. dir. og styreleiar i Hurtigruten Cruise i oktober 2020. Det skjedde i kjølvatnet av eit smitteutbrot om bord i Roald Amundsen, der Martini hadde vore med som privatperson saman med familien.
Deler verdigrunnlaget
Han seier at han vart glad då Havila Kystruten tok kontakt og tilbaud han jobb.
- For meg var det viktig å jobbe i eit selskap som har eit verdigrunnlag som eg sjølv kan stå for. Det meiner eg at Havila-konsernet har.
- I tillegg er her ei gründerånd som eg verkeleg set stor pris på. Her tenker ein store tankar, og det vil nok ikkje stoppe med dei fire skipa til Havila Kystruten.
Publisert: 23.09.2021 16:11
Sist oppdatert: 24.09.2021 09:52