Bent Martini kontor smil
KYSTRUTEN: Bent Martini lovar at ingen tilsette i Havila Kystruten treng å vere redde for jobben eller for å miste inntekt etter at skipa vart kraftig forseinka. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Ingen mister jobben i Havila Kystruten

Selskapet garanterer for løna til tilsette som ikkje får anna arbeid etter at permitteringsperioden er over.

22.09.2021

- Vi skal ta godt vare på alle tilsette. Ingen skal tape på at våre skip har vorte forseinka.

Det seier adm. dir. Bent Martini i Havila Kystruten til NETT NO.

Måndag sende selskapet ein epost til alle tilsette med garanti om at ingen vil miste jobben, sjølv om første skipet, Havila Capella, først kjem inn i rute 1. desember. Det er nesten eitt år seinare enn først planlagt.

- Vi treng alle
380 tilsette vart med over frå Hurtigruten ASA etter at Havila Kystruten fekk oppdraget med å segle strekninga Bergen – Kirkenes med fire skip.

Men Havila-skipa er kraftig forseinka, og mange tilsette frykta at dei ville miste jobben etter at permitteringsperioden gjekk ut 1. oktober.

No seier Martini at ingen bør vere redde for jobben.

- Vi treng alle.

Han viser til at regjeringa vil utvide permitteringsordninga med ein månad.

- Det er sannsynleg at dette vil skje, men uansett vil vi ikkje gå til oppseiingar. Vi skal finne løysingar for alle, seier Martini.

God dialog med Sjømannsforbundet
Martini opplyser at selskapet har god dialog rundt ulike løysingar med tillitsvalde og deira organisasjonar, ikkje minst med Sjømannsforbundet.

- I dialog med Sjømannsforbundet har fleire av våre tilsette funne anna arbeid i påvente av at våre skip skal kome i drift.

- Andre har fått mellombels arbeid i andre deler av Havila-systemet.

Martini seier at dersom det viser seg at enkelte ikkje lukkast å finne anna arbeid, og som står i fare for å miste dagpengane, vil selskapet betale løna.

- Vi er fast bestemte på å finne gode løysingar for alle.

Dei første er på plass
Dei første av mannskapet om bord i Havila Capella er no på plass ved Tersan-verftet i Tyrkia.

Etter planen skal skipet gå derifrå i slutten av oktober.

- Vi reknar med å bruke rundt 14 dagar på turen til Bergen, inkludert eit stopp i Cartagena for å fylle LNG, seier Martini.

Om bord på turen frå Tyrkia vert eit mannskap på minimum 47. I tillegg kjem servicepersonell og representantar frå utstyrsleverandørar.

Framme i Bergen vil resten av mannskapet på 67 til 70 personar kome om bord.

Totalt vil Havila Kystruten ha 480 til 500 seglande når alle fire skipa er i drift, der alle tilsette er norske.

Vi er fast bestemte på å finne gode løysingar for alle
Bent Martini
Havila Capella ferdig
CAPELLA: Havila Capella, det første av fire skip til Havila Kystruten, er straks ferdig ved Tersan-verftet i Tyrkia. Etter planen skal skipet gå frå verftet i midten av oktober. Foto: Havila kystruten

Dåp på Sunnmøre
Bent Martini seier at i løpet av dei neste vekene vil mange verte kalla inn til oppstart.

- Innan nokre yrkesgrupper treng vi endå fleire folk enn det vi har i dag.

Etter planen skal Havila Capella døypast på Sunnmøre i forkant av oppstarten på ruta Bergen – Kirkenes 1. desember.

20. januar skal skip nummer to, Havila Castor vere i drift, og Tersan-verftet lovar at dei to siste skipa vil vere ferdige i løpet av første halvår neste år.

- Vi gler oss til endeleg å kome i gang, seier Bent Martini.

Publisert: 22.09.2021 13:32

Sist oppdatert: 22.09.2021 13:57

Mer om