Volt collector dåp foto marius 11 2022 07 08 120120 kkrv 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
VENTAR: Volt Service-sjef Even T. Remøy (lengst til høgre) hadde planar om to nybygg, men dei er lagt på is inntil vidare. Foto: Marius Rosbach
Nytt

La to nybygg på is

Volt Service har lagt to nybygg på is på grunn av grunnrenteskatten.

05.01.2023

Volt Service i Herøy driv i dag fire bløggefartøy og har to under konstruksjon, skriv selskapet i ein uttale om innføringa av grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa.

Planen var å bestille ytterlegare to fartøy, men dei nybygga er sett på vent, skriv selskapet i uttalen, der Volt Service rår regjeringa om å utsette grunnrenteskatten og eventuelt innføre den etter ei grundig utgreiing og konsekvensvurdering.

Les høyringsuttalen frå Volt Service her

I ein bløggebåt blir fisken avliva i det den kjem ombord frå oppdrettsanlegget og frakta død til slakteriet, medan ein brønnbåt fraktar den levande fram.

Permanent nedgang
Fitjar Mekaniske Verksted, som skal levere ein bløggebåt til Volt Service i mars i år, skriv i sin uttale at verftet allereie har fått oppdrag sett på vent på grunn av skatteforslaget.

Verftet meiner det er "det er god grunn til å frykte en betydelig, permanent nedgang i aktivitetsnivået om forslaget blir gjennomført.", heiter det i uttalen.

Les høringsutalen frå Fitjar Mekaniske Verksted her

Ein halv milliard på vent
FSV Group i Molde har spesialisert seg på arbeidsbåtar til oppdrettsnæringa. NETT NO har tidlegare skrive at selskapet la byggeplanar på is då framlegget om grunnrenteskatt kom i fjor haust, og det fortel også selskapet sjølv i uttalen om grunnrenteskatt.

I alt er det bygging av sju fartøy for tilsaman ein halv milliard kroner som er utsett inntil vidare.

"Etter planen skulle også disse fartøyene produseres hos norske skipsverft, og utgjør alene over 100 årsverk i to år hos norske skipsverft og utstyrsleverandører til våre fartøy. I tillegg settes også over 50 planlagte ansettelser av norske sjøfolk i rederiet på vent."

FSV Group etterlyser grundingar vurdering av konsekvensane av framlegget.

"Vi er forundret over at regjeringen ikke foretar mer veloverveide vurderinger av bortfall av sysselsettingseffekter i leverandørindustrien, hos rederi, skipsverft, designere, entreprenører, utstyrsleverandører, tjenesteleverandører med mer.", heiter det i uttalen.

Publisert: 05.01.2023 09:21

Sist oppdatert: 05.01.2023 09:30

Mer om