Volt collector dåp foto marius 11
50-ÅRSJUBILEUM I ÅR: Ein av tre nye båtar - Volt Collector - vart døypt 10. juni under markeringa av 50-årsjubileet til Remøy Management. No vurdere reiarlaget å selje båten for å satse på større fartøy. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Reiarlag med vekst og rekordoverskot

Herøy-reiarlag med superår i fjor - vurdere å selje ny båt for å satse på større fartøy.

Marius Rosbach
08.07.2022

«2021 blei eit resultatmessig godt år og drifta gjekk i henhold til plan», er den nøkterne oppsummeringa av fjoråret for Remøy Management.

Finansdirektør Helge T. Remøy tek heller ikkje av då NETT NO spør korleis han opplevde rekordåret.

– Det er eit resultat av ein bevisst strategi vi har jobba med i mange år, konstaterer han.

Herøy-konsernet består av Remøy Management og Volt Service-selskapa, i tillegg til Rem Vallhall As. Even T. Remøy tok over som toppsjef etter onkelen Ståle Remøy i 2015, og spesielt satsinga med bløggebåtar har vore ein suksess dei siste åra.

Rekordgod lønnsemd i fjor
Omsetninga for konsernet enda i fjor på rekordhøge 408 millionar kroner. Det betyr ein auke frå året i forvegen med 24 prosent og om lag ei dobling av dei årlege driftsinntektene på nokre få år.

Volt-reiarlaget stod for knappe 168 millionar av omsetninga i fjor. Finansdirektøren påpeiker at inntektene óg inkluderer sal av avlusingsfartøyet Volt Processor mot slutten av fjoråret.

Lønnsemda har heller aldri vore betre for Herøy-selskapet enn i fjor. Eit resultat før skatt på meir enn 76 millionar, er ein auke på 30 millionar (sjå tabell under).

(saka held fram under)

Volt collector dåp foto marius 22
VURDERAST SELT: Volt Collector som vart døypt i juni, er knappe 15 meter lang og 12 meter brei, medan den nyaste båten Volt Harvest III er heile 41 meter lang. Foto: Marius Rosbach

Vurdere å selje ny båt
Til saman har Remøy Management-konsernet 11 skip i flåten – om vi tek med sen sjette Volt-båten som er under bygging.

No vurdere reiarlaget å selje den minste Volt-båten – Volt Collector - som vart døypt for berre få veker sidan i Fosnavåg.

Årsaka er at dei vil satse på større båtar. Volt Collector er knappe 15 meter lang og 12 meter brei, medan den nyaste båten Volt Harvest III er heile 41 meter lang.

NETT NO spurde reiarsjefen under dåpen la han ikkje skjul på at han håpte på fleire båtar, men at ingenting førebels var bestemt.

Remøy Management eig og driftar kystvaktskipa KV Sortland, KV Bergen og KV Barentshav og KNM Olav Tryggvason for marinen. I tillegg driftar dei kabelskipet NKT Victoria.

Rolegare start på året
Bløggebåtane i Volt-flåten har gått i ein miks av faste avtalar og spotkontrakter, for at dei skal vere tilgjengelege for fleire kundar.

Arbeidet inn mot oppdrettsnæringa er sesongprega, med mindre å gjere om vinteren og våren. I år har det våre spesielt lite å gjere av fleire årsaker.

– I begynnelsen av året var det låg aktivitet i akvakulturnæringa. Det var mykje dårleg vêr og lite biomasse i havet samanlikna med tidlegare år. Resultatet vart dei historisk høge lakseprisane, legg Helge T. Remøy til.

Sjølv om båtane har hatt mindre å gjere i år samanlikna med i fjor, er flåten utvida og selskapet har nytta tida til rigge seg for vidare vekst.

Vi begynner å få ein god storleik
Helge T. Remøy

Meir enn 300 i arbeid
Til saman har Remøy Management-konsernet no 330 folk i arbeid. Det inkluderer også eksterne personar om bord på kystvaktskipa, marineskipet og NKT Victoria.

– Vi begynner å få ein god storleik, og vi har jobba ein del i år med å sikre bemanninga, kommenterer Remøy.

Bokført verdi av skipa i flåten er 2,1 milliardar. Ordrereserven for skipa er på kring 550 millionar – og kring tre milliardar – om ein inkluderer opsjonar.

Remøy Management (konsern)


Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
408,4
328,7
Driftsresultat
111,0
90,7
Resultat etter skatt
76,7
45,7

Publisert: 08.07.2022 14:16

Sist oppdatert: 08.07.2022 19:31

Mer om