Lagar 35 prosent fleire Stressless-sete enn i 2019
Ekornes braut ein langvarig nedgang i Stressless-produksjonen i 2019.
Frå 2011 til 2019 fall talet på produserte sete til Stressless-stolar med 16 prosent og sete til Stressless-sofaer med 45 prosent og kapasitetsutnyttinga i fabrikkane var på 66 prosent.
Les også
- Selg, var meldinga Ekornes-sjef Roger Lunde kom med kort tid etter han var på plass i sjefstolen i Ekornes tidleg i 2020.
- Førre styre og leiing i Ekornes var veldig fokusert på marginar, seier Lunde.
Lunde si melding til Ekornes sin kinesiske eigar var at med han skulle Ekornes får vekst, kanskje lavare marginar per stol/sofa, men samla sett betre lønsemd.
Koronaeffekt
I tillegg til styrka salgsinnsats og prioritering av vekst gav koronaepidemien og smitteverntiltaka ekstra drahjelp.
Etter det førstekoronasjokket starta folk med oppussing og kjøpte nye møblar, ein trend som Ekornes såg i alle marknadar.
No er den effekten over, men no har Ekornes fått drahjelp av at selskapet kan levere både til den europeiske og amerikanske marknaden, medan ein del av konkurrentane slit.
Fleire folk
Oppsvinget som starta i fjor gjorde at Ekornes har tilsett fleire både i Sykkylven og resten i Noreg og i utlandet.
Bemanningsauken er ikkje over, seier Lunde til NETT NO.
Publisert: 01.09.2021 12:16
Sist oppdatert: 01.09.2021 12:18