Vil ha fleksibilitet og fellesskap
Leigetakarane til Pir i Ålesund er på plass. Ei av nysatsingane som flyttar inn, skal jobbe saman frå kvar sin kant av landet.
Til sommaren opnar Pir i Ålesund dørene for det nye arbeidsfellesskapet i byen. Dagleg leiar Anja Solevågseide i Pir Cowork fortel at dei no har på plass alle leigetakarane i det seks etasjar høge bygget i Keiser Wilhelms gate.
– Alle kontora i heile huset er fylt opp, seier ho til NETT NO.
Opninga er planlagt «til sommaren» - og helst i juli håpar Pir-leiaren, som påpeiker at det framleis er mogleg å teikne abonnement for plass i jobblandskapa.
Ein av leigetakarane som flyttar inn er det nystarta firmaet Takk For Sist, som består av Sara Strand og Ida Solem. Dei har kjent kvarandre frå barndommen i Skodje og hatt eit ønske om å starte for seg sjølv. Sidan dei budde i kvar sin by – Sara i Ålesund og Ida i Oslo – hadde dei ikkje tenkt tanken på at dei kunne starte opp saman.
Men koronapandemien gjorde at dei såg at den geografiske avstanden ikkje var eit problem – men ei moglegheit.
– Vi har erfaring med å jobbe digitalt med videomøter, men under pandemien har vi fått testa det ut i full skala – og det er verkeleg ikkje noko hinder, fortel Strand til NETT NO.
Planlegg «workation» i Lofoten
Gründerane starta opp Takk For Sist i januar og det var aldri aktuelt å leige faste lokalar. Dei meiner Pir passar perfekt til deira behov.
– Eg opplever at vår generasjon ikkje likar å låse seg, og mange som startar for seg sjølv, gjer det for å ha fleksibilitet og stå friare enn i ein fast jobb. Det same gjeld for kontorplass, fortel Sara Strand.
Planen er at dei skal reise litt fram og tilbake mellom landsdelane for å serve kundar begge plassar. Samtidig har dei lagt inn ei arbeidsveke i Lofoten seinare i år.
(saka held fram under)
Fellesskapet viktigaste motivasjon
Men den viktigaste motivasjonen for gründerane til å flytte inn på Pir, er fellesskapet og miljøet. Tanken er at det skal leggast til rette for kunnskapsdeling og synergiar mellom dei ulike leigetakarane.
– Om vi har ansvaret for å drifte til eksempel ei Facebook-side til ei bedrift, og har ein fotograf rett nedi gangen, så er det veldig mykje enklare å samarbeide. Terskelen for å spørje om nokon har ein time ledig neste dag for å gjere eit oppdrag, blir lågare, meiner ho.
«Gørr kjedeleg» med heimekontor
Pir-leiar Anja Solevågseide fortel at dei same haldningane går att hos fleire av leigetakarane.
– Det er miljøet folk gler seg mest til å oppleve og trur dei vil sette mest pris på, fortel ho.
– Vi er ingen eigedomsaktør og bygget er berre eit verktøy for å skape den samhandlinga som vi ønsker skal skje. Eg har jobba mykje på heimekontor, men det er gørr kjedeleg og lite inspirerande når det kjem til å skape nye ting, legg ho til.
Solevågseide trur at pandemien med auka digitalisering berre har auka behovet for slike fellesskap.
– Viktig at vi har bredde
Anja Solevågseide fortel at fleire av dei som skal flytte inn på Pir Cowork er kreative verksemder innan film, foto, design og visualisering. Det er også innovasjonsprosjekt innan fiskeri og teknologi – i tillegg til investorar.
– For å skape dette mangfaldige og dynamiske miljøet som vi ønsker å ha, er det viktig at vi har bredde, fortel ho.
Designbyrået Vest, Sunnmørsposten og advokatfirmaet Kvale er mellom leigetakarane som er kjent frå før. Pir-leiaren fortel at dei må vente enno litt før dei går ut med alle leigetakarane.
(saka held fram under)
E7/S1 Kjersti Kleven og Lene Trude Solheim om møteplassar for næringslivet i og etter korona.
Arbeidsplassar, omstilling og delingsøkonomi
Då dei starta å jobbe med Pir-ideen for nokre år sidan var det tre ting som stod sentralt: Behovet for fleire arbeidsplassar – ikkje minst i småbedrifter, omstilling både digitalt og i høve berekraft – og delingsøkonomi.
– Det gjeld produkt og tenester som Airbnb og Uber, der forbrukarane får meir makt, men det same skjer når det gjeld eigedom. I staden for at du må «gifte deg» med den du leiger areal med, så kan du få det du treng der og då, seier Solevågseide.
Ved Pir skal det vere mogleg å leige alt frå ein kontorplass til større areal, eller lokale for å drifte eit prosjekt i ein kortare periode. Dei kan også stille med utstyr som trengs.
Fleire kontorfellesskap i nordvest
Det er etablert fleire kontorfellesskap på Nordvestlandet der verksemder samlast og til eksempel delar på møterom og utstyr.
Yoyn Cowork i Ålesund opna dørene i 2019 og leiger ut kontorplassar, eige kontor og møterom for kortare eller lengre periodar.
Næringshagane i Nordfjord er eit samarbeid mellom Stryn- og Nordfjordeid Næringshagar. I tillegg til å tilby leige av lokale, gir dei tilgang på kompetanse og nettverk.
Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda er den einaste næringshagen på Sunnmøre og har spesiell merksemd på kreative næringar. NETT NO omtala i haust korleis dei har opplevd auka pågang under koronapandemien.
Sykkylven Næringsutvikling og Hoppid-kontoret i kommunen skal flytte saman i løpet av våren i eit gründersenter. Her blir det både kontorutleige og møterom.
I Måløy blir det jobba for å samle bedrifter, utdanningsinstitusjonar og forskingsmiljø under eitt og same tak i sentrum. Møteplassen skal heite Peak Måløy og målet er opning til neste år.
Optimar mellom kundane
Gründerduoen i Takk For Sist har begge erfaring med å jobbe i tilsvarande fellesskap, og Ida Solem har no plass ved Factory Tøyen i Oslo.
Dei omtalar det nystarta firmaet som eit innhaldsbyrå og Optimar, Privatmegleren og nettbutikken Lesstrash er mellom kundane så langt. Strand fortel at mange av oppdraga til no har dreia seg om å levere tekst til nettsider, annonser eller bloggar.
Ho trur samtidig at fleire vil ha mykje å hente på å få hjelp med sosiale media - spesielt når det kjem til business-to-business-marknadsføring.
– Det gjeld å følgje med på dei vertkøyene som er tilgjengeleg for å måle respons, og tilpasse bruk av kanalar, påpeiker Strand.
Begge har gått reklamelinja ved Høyskolen Kristiania, og medan Strand dei siste åra har jobba i designstudioet Elle Melle, kjem Solem frå stillinga som «growth marketer» i Up Norway.
E11/S2 Anne Birte Bjørdal Hanken og Jan-Tore Holen om gründerlivet, oppstart og vekst.
Publisert: 06.03.2021 05:55
Sist oppdatert: 07.11.2024 15:27