Wonderland Jørn Nes Knut Arild Dahle Foto Marius 11
AVANSERT ROBOTLINJE: Madrassane bak dagleg leiar Jørn Nes (t.v.) og marknadssjef Knut Arild Dahle i Wonderland, er ikkje i kontakt med menneskehender før dei er ferdig pakka og stabla på pall.
Nytt

Lagar madrassar med høgteknologi

Det har vore pengar i madrassane frå Wonderland. No har dei mål om å vekse ut av Norden.

31.12.2023

– Effektivitet og straumlinja produksjon, seier Knut Arild Dahle i Wonderland når han skal summere opp kva Rauma-bedrifta har jobba med dei siste åra.

Madrassfabrikken på Åndalsnes har dei siste åra investert nær 40 millionar kroner for å ta nye steg i ein sjeldan høgteknologisk produksjon. I dag har dei truleg bransjens mest avanserte.

Då NETT NO er på besøk i produksjonen lagar robotane ein madrass om lag kvart 50 sekund. Dahle har vore prosjektleiar for arbeidet og viser tala på ein skjerm som gir full oversikt. I utgangspunktet trengst berre tre personar til å overvake og fylle på råvarer for å halde produksjonen i gong.

– Det var ingen som blei sagt opp i samband med at vi innførte dette. Dei fekk heller andre oppgåver i organisasjonen, fortel prosjektleiaren.

Kan i teorien produsere heile døgnet
Robotlinja er utvikla i samarbeid med Skodje-bedrifta GJ Machine. Slik kan dei produsere meir effektivt enn tidlegare, og ikkje minst er kvaliteten stadig forbetra.

– Om vi har behov for å auke volumet, kan vi auke tida vi køyrer maskina, fortel Dahle.

Då NETT NO er på besøk er den i gong frå sju om morgonen til tre om ettermiddagen. I teorien kan produksjonen køyre heile døgnet. Kring lunsjtid passerer dei 240 madrassar så langt denne dagen.

Wonderland 3
AUTOMATISERT: Overmadrassar blir transportert ved hjelp av band rundt i lokalet til neste steg i produksjonen. Til saman er det investert kring 40 millionar kroner.
Svak valuta har vore krevjande å handtere når vi handlar det meste i euro
Jørn Nes

Frå pandemiboom til brems
Wonderland har sitt utspring frå Stokke-konsernet og blei etablert på Åndalsnes i 1969. Dei har kring 100 personar i jobb og talet på tilsette har vore stabil dei siste åra. Samtidig har inntektene gått jamt oppover. 2020 og 2021 blei rekordår som følgje av salsboom under pandemien.

I etterkant merka dei at folk kneip igjen på pengebruken, og i 2022 kom det første underskotet sidan 2016. Årsaka var mellom anna ein prisvekst på råvarer på kring 20 prosent, som dei brukte tid på å hente inn.

Internasjonale svingingar på alt frå olje, stål, treverk og tekstil slår direkte inn i rekneskapen for bedrifta inst i Romsdalsfjorden.

– Svak valuta har vore krevjande å handtere når vi handlar det meste i euro, seier Jørn Nes som har hatt rolla som dagleg leiar sidan starten av 2023.

Dei har likevel trua på at satsinga dei siste åra vil gjere at dei snur minus til pluss.

– Eit hovud framfor dei andre
Etter at madrassen er ferdig, blir den transportert på band fram til stasjonen, der den blir pakka i plast. Merkelappen som etterpå blir sett på sida, med destinasjon og namn på kunde, er første berøring av menneskehender. Neste investering er å gjere denne operasjonen automatisert.

– Vi må heile tida jage etter marknadsmoglegheiter. Også må vi heile tida halde oss oppdatert i framstillingskjeda. Akkurat no er vi nok eit hovud framanfor dei andre, seier Nes.

Når ein pall med madrassar er ferdig, er dei klare til å bli sendt til ferdigvarelageret 400 meter frå produksjonslokalet. Når madrassen kjem til kunden får dei eit «legosett» med bein, overmadrass og ulike tekstilar som ein set saman sjølv.

Wonderland 1
STOR KAPASITET: Skjermen ved sidan av Knut Arild Dahle gir oversikt over produksjonen på robotlinja. Denne dagen ligg dei på kring 50 sekund per madrass, og kan auke tempoet om dei ønsker.

Vil vekse utanfor Norden
Kring ein tredel av inntektene kjem i dag frå eksport. Det er her Wonderland ser føre seg den største veksten framover.

– Vi har vore utanfor Norden tidlegare, mellom anna i Tyskland og Benelux-landa. No er vi klare til å sjå på nye marknader igjen, seier Nes.

Eit ledd i arbeidet er å gjennomføre eit prosjekt for å halvere utsleppa som følgje av produksjonen. Motivasjonen kom frå nye EU-krav til berekraft.

– Vi la fram ambisjonen, også har vi nytta Sintef og NTNU som forskingspartnarar og fått finansiering av Norsk Forskningsråd. Det har teke tre år og vi har brukt 29 tusen timar totalt. Så det har vore eit kjempeprosjekt, seier Wonderland-sjefen.

Har meir enn halvert klimaavtrykket
Vurderingane har mellom anna gått på val av type og mengde material. Noko av det mest vesentlege var å kunne bruke dei om igjen. Resultata viser at dei har meir enn halvert miljøavtrykket.

– Når vi er på jakt etter nye material, så ser vi alltid etter material som kan tilfredsstille desse krava. Slik har det eigentleg blitt ein del av arbeidsforma vår, seier han.

Produksjonen er i hovudsak ordrestyrt, samtidig som dei har vorte gode til å treffe på prognosar dei lagar for korleis etterspurnaden vil vere framover. Salet er påverka av sesongane, der januarsalet gjerne er høgdepunktet, medan mars utmerkar seg som ein dårleg salsmånad for bransjen.

– Vi leverer ordrar til kundar på ein til to veker, og har ikkje nokon stor ordrereserve som vi styrer etter, fortel han.

Satsar på kortreiste leverandørar
Ein annan suksessfaktor har vore å ha både eigarar og leverandørar i lokalmiljøet. Det er heilt bevisst for å sleppe krøll i forsyningslinjene og sikre framtida.

– Det har vi merka godt i den tida vi har vore gjennom, og vi har aldri mangla komponentar. Sjølv om det har vore på håret nokre gonger, seier Jørn Nes.

97 prosent av leverandørane held til i Nord-Europa og ein stor del av dei i Norge. I same bygda har Måndalen Trevare ein eigen del av fabrikken rigga for levering til Wonderland.

Plasto er ei anna lokal bedrift som leverer plastdelar. Ved sidan av ligg landets einaste kommersielle leverandør av polyuretanskum, Recticel, som mellom anna forsyner møbelbransjen, og deriblant Wonderland.

Wonderland 2
FLEST PÅ SAUM: Saumavdelinga med 40 tilsette, er avdelinga med flest tilsette. Irene Enstad syr saman tekstil, som blir nytta i overmadrassar.

Flest tilsette på saumavdelinga
Band med tekstilar på veg til neste stasjon i produksjonen beveger seg rundt i lokalet. Dei kjem frå saumavdelinga, som er den delen av madrassfabrikken med flest tilsette. Der står Irene Enstad og syr saman tekstil, som blir nytta i overmadrassar.

– Det går jamt heile tida, også rullerer vi på dei ulike oppgåvene for å unngå overbelasting på folka, fortel ho.

Sjølv har ho vore i bedrifta i to års tid, men fortel at mange har vore på avdelinga i «årevis».

– Eg har vore tilsett i fleire bedrifter opp gjennom, og dette er ein god arbeidsplass. Her er alt ordna, legg ho til.

Sjølv om det kan vere vanskeleg å rekruttere folk med «spisskompetanse», har dei god tilgang på søkjarar til stillingar der dei sjølve kan gi tilsette opplæring.

– Mellom anna har vi rekruttert frå helsesektoren fordi vi har eit rykte på oss med ordna arbeidstider og stabilt arbeid, fortel Dahle.

Publisert: 31.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 30.12.2023 19:23

Mer om