Kraftpris innfelt bensinpris 11
KRIGSPRISAR: Både bensinprisen og straumprisen stig på grunn av angrepet på Ukraina. Skjermdump frå Statnett/Terje Pedersen, NTB
Nytt

Rett opp etter angrepet mot Ukraina

Nye rekordar for straum og bensin - og verre kan det bli.

04.03.2022

NETT NO-NPK-NTB: Straumprisen når fredag sitt høgaste i år, og aukande oljepris pressar bensin oppover 20-talet. Straumanalytikar trur prisane held fram med å stige.

– Prisstiginga på straum den siste veka kjem omtrent eine og åleine av konflikten i Ukraina. Det er meldt litt kjøligare vêr og litt mindre vind i Europa dei neste dagane, men hovudstigninga kjem krigen av, seier analysesjef Tor Reier Lilleholt i Volue Insight, som driv med analyse av energimarknaden, til NTB.

Fredag set straumprisen årsrekord i Søraust-, Vest- og Sørvest-Noreg. Mellom klokka 8 og 9 på morgonen blir straumprisen 3,90 kroner per kilowattime. Snittprisen fredag blir på 2 kroner per kilowattime. Det er ein auke på 41 øre frå torsdag, og på 70 øre frå førre fredag.

Sjølv om straumprisen er rekordhøg i Norge, er prisane endå høgare i Baltikum, Sør-Sverige og Danmark fredag.

Nok ein gong går det eit klart skilje i prisen ved Sognefjorden.

Sør for Sognefjorden er elspotprisen 12-13 gongar høgare enn på Nordvestlandet og lenger nord, viser tal frå Statnett.

Tor Reier Lilleholt påpeikar til NTB at gassleveransane frå Russland trass i krigen har halde fram, men at det er uvissa rundt kva som vil skje med gass- og kol-leveransane frå Russland til Europa, som no driv straumprisane opp.

– Prisstigningane vi ser no, er prega av frykt og uvisse, seier han.

– Vi er langt frå taket
Straumanalytikaren peikar på at straumprisane var på veg ned før Russland invaderte Ukraina, etter at dei har vore høge gjennom vinteren i Sør-Noreg.

– Vi har fått ei prisstigning på 30–40 prosent samanlikna med før krigen. Før det hadde prisane ein fallande tendens, mellom anna på grunn av høgare fyllingsgrad i vassmagasina, seier Lilleholt.

Han meiner at det er store moglegheiter for at straumprisane kan halde fram med å stige den kommande tida.

– Vi er langt frå taket. Europa ligg no på dobbel pris av Sør-Noreg, så straumprisen har mykje å gå på viss systemet skal dragast etter håret, seier Lilleholt.

Vi har fått ei prisstigning på 30–40 prosent samanlikna med før krigen
Tor Reier Lilleholt

Bensin på 22 kroner literen
Også oljeprisen har denne veka skote i vêret, som følgje av at Russland gjekk inn i Ukraina. I 5-tida fredag morgon kostar eit fat nordsjøolje rundt 112 dollar. Fredag kveld førre veke var prisen på rundt 98 dollar.

Rundt klokka 13 fredag kostar eit fat nordsjøolje 112dollar fatet, etter at prisen på det meste har vore oppe i 114 dollar fatet fredag.

Oljeprisauken fører òg til at bensinprisane aukar.

– Vi har allereie sett ein kraftig auke i innkjøpsprisen på bensin og diesel, og på biodrivstoff, som følgje av hendingane i Europa. Dette, i kombinasjon med høge avgifter, gir rekordhøge prisar på bensin og diesel når dei er på sitt høgaste slik dei var i formiddag, seier kommunikasjonssjef Knut Hilmar Hansen i bensinstasjonskjeda Circle K.

Den siste tida har bensinprisane vore oppe i over 22 kroner literen, og diesel har kosta opptil 21 kroner literen fleire stader i Noreg.

Hansen seier at innkjøpsprisen på drivstoff utgjer rundt 30 prosent av pumpeprisen. Omtrent 60 prosent utgjer avgifter, medan rundt 10 prosent går til kostnadene knytt til salet til selskapa av drivstoff.

– Blir ikkje berre styrt av råoljeprisen
Bensinprisane var òg oppe i rundt 20 kroner literen i august i fjor, sjølv om oljeprisen då var rundt 65 prosent lågare og låg på rundt 70 dollar per fat nordsjøolje. Dermed påverkar òg andre ting enn oljeprisen prisendringane.

– Vi opplever ein stram drivstoffmarknad i Europa no, med låge lager av bensin og diesel, og auka etterspurnad som pressar prisane opp, seier Hansen.

– Når det er sagt, innkjøpsprisen på drivstoff blir påverka av fleire faktorar, ikkje berre råoljepris slik mange trur, men også tilbod og etterspurnad etter drivstoff internasjonalt, i tillegg til valutakurs, legg Hansen til.

Pumpeprisen på bensin og diesel blir òg påverka av innkjøpsprisane på biodrivstoff, fordi dette blir blanda inn i bensinen og dieselen som blir seld i den norske marknaden.

Hansen seier at han på grunn av konkurranselovgivinga ikkje vil seie noko om korleis Circle K trur drivstoffprisen vil utvikle seg framover.

– Men vi skjønner godt at høge drivstoffprisar er krevjande for mange, ikkje minst for dei som er avhengige av bilen i det daglege. Og dei er det mange av rundt om i Noreg.

Publisert: 04.03.2022 09:16

Sist oppdatert: 04.03.2022 13:54

Mer om