– Min jobb er å reise inn når andre reiser ut
Stryningen Roger Severin Bruland er NRKs mann i Ukraina.
(NPK-Peder Skjelten): På berre tre år som utanrikskorrespondent i Berlin har Roger Sevrin Bruland rapportert frå to av dei største krisene i vår tid: koronapandemien og Russlands angrep på Ukraina.
Roger Sevrin Bruland blei først kjent for nordmenn då han i 2018 rapporterte frå grottedramaet i Thailand. 12 gutar og ein trenar var sperra inne i ei grotte, og Roger Sevrin Bruland frå Utvik i Stryn følgde dramaet for NRK.
Eitt år seinare blei han tilsett som utanrikskorrespondent i Berlin for NRK, og nokre månadar seinare stod han i episenteret av koronasmitten i Italia våren 2020.
I sentrum for koronapandemien
I fullt verneutstyr
rapporterte han frå sjukehuset i Monza i Italia og fortalde om det då
ukjente viruset som hadde byrja å spreie seg i landet etter å ha kome
frå Kina.
Det skulle bli koronapandemien, vår tids største krise, og Bruland stod midt i senteret av krisa berre eitt år etter å ha blitt utanrikskorrespondent i NRK.
No rapporterer han frå senteret av ei ny krise. Denne gongen frå eit Ukraina under angrep frå Russland.
– Ein skulle trudd det var noko lureri eg har blitt med på, seier Roger Sevrin Bruland til Nynorsk pressekontor.
Måtte køyre frå Tyskland
Førre torsdag skulle
Bruland eigentleg ha teke fly til Ukraina for å dekkje konflikten med
Russland. Så gjekk Russland til angrep same dag og alle fly til Ukraina
blei kansellerte.
Bruland og ein polsk kollega måtte køyre frå kontoret i Tyskland, gjennom Polen og til den Ukrainske grensa heilt vest i landet. På vegen køyrde dei forbi lange køar med folk som var på veg ut av Ukraina på flukt frå krig.
(saka held fram under)
Bruland bur på eit hotell i byen Lviv. Innimellom kjem det flyalarm og alle må søkje tilflukt i kjellaren til dei får beskjed om at det er trygt å kome opp igjen. Eit bryggeri i byen har også byrja å lage brannbomber i flasker, såkalla «molotovcocktailar», til bruk mot russarane.
– Moderne krig er farleg og ikkje vakkert
Å reise inn i eit land som er under angrep frå ei av verdas største militære makter er ikkje særleg rasjonelt, men Bruland seier det er del av jobben som utanrikskorrespondent.
– Min jobb er å reise inn når andre reiser ut, seier Bruland.
På eitt minutt kan 1000 soldatar bli drepne. Det er realiteten av moderne krig
– Som utanrikskorrespondent i NRK høyrer det med at alle vi i utanriksavdelinga samarbeider når det skjer noko som dette. Samstundes skal ein ikkje ta unødvendig risiko. Moderne krig er farleg og ikkje vakkert på noko måte. På eitt minutt kan 1000 soldatar bli drepne. Det er realiteten av moderne krig.
Trur Europa kan kome styrkt ut av krisa
Når NPK
ringjer Bruland gjer han seg klar til å reise tilbake til grensa mot
Polen. Det har snødd i løpet av natta og folk har forlate bilane sine,
tent bål i skogen for å halde seg varme og søv på bakken.
Saman med koronapandemien er krisa i Ukraina vår tids to store kriser, ifølgje Bruland. Han har som utanrikskorrespondent stått midt i begge og seier det no er verkeleg krisetid. Han meiner òg at Europa kan kome styrkt ut krisa.
– Folk kjem saman i kriser. Om vi klarar å unngå bruk av atomvåpen i denne krisa kan Europa kome styrkt ut av dette, seier Bruland.
(©NPK)
Publisert: 02.03.2022 09:27
Sist oppdatert: 02.03.2022 09:36