Thina Saltvedt IKKE GJENBRUK fot ntb
TRUR PÅ VIDARE OPPGANG: Sjefanalytikar Thina Saltvedt i Sustainable Finance i Nordea. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

Trur oljeprisen kan halde fram med å skyte i vêret

Prisen for eit fat nordsjøolje var tidleg onsdag på over 111 dollar.

02.03.2022

(NPK-NTB-Snorre Schjønberg): Oljeprisen har stige til eit nytt høgt nivå og kan halde fram med å skyte i vêret på grunn av stor uvisse i marknaden, seier analytikar Thina Saltvedt.

Prisen for eit fat nordsjøolje var onsdag morgon på over 111 dollar. Det er den høgaste prisen sidan sommaren 2014. Hittil i år har prisveksten vore på over 40 prosent, medan oljeprisen no er 75 prosent høgare enn han var for eitt år sidan.

– Det er eit veldig høgt nivå og han svingar veldig mykje om dagen. Det er svingingar på fem dollar opp og ned. Det er ikkje vanleg at det svingar så mykje, seier sjefanalytikar Thina Saltvedt i Nordea til NTB.

DNBs sjeføkonom Kjersti Haugland seier at dei høge olje- og gassprisane vil gi auka inntekter til den norske statskassa, litt auka aktivitet og kanskje auka prisar jamt over for folk flest.

– Det er negativt for hushald og bedrifter, men det er positivt for den norske statskassa og for oljeselskapa og aktiviteten knytt til olje og gass i økonomien vår, seier Haugland.

Auka olje- og gassinntekter vil gi politikarane eit større handlingsrom i budsjetta, påpeikar ho. Prisveksten vil treffe jamt, allereie er drivstoffprisane drivne i vêret.

Pressa marknad
Saltvedt seier både det høge prisnivået og dei store svingingane heng saman med krigen i Ukraina og uvissa rundt russisk leveranse av olje og gass.

– Viss det skulle skje noko med leveransane av olje eller gass frå Russland til Europa, er det noko som er utfordrande fordi det er veldig lite ekstra å gå på i marknaden, seier ho.

Marknaden var pressa allereie før Ukraina-krisa, påpeikar ho.

– Det heng saman med at vi har byrja å bruke meir energi. Økonomien opnar opp igjen og vi reiser meir, frakta byrjar òg å komme opp i nivå, seier ho.

– Etter kvart som samfunna har opna opp, har oljeetterspurnaden auka raskare enn ein hadde sett for seg. Det har vorte ein skvis i marknaden, som kom før denne situasjonen som vi no ser, seier ho.

Stor uvisse
Uvissa om Ukraina-krisa går både på frykta for at leveransane frå Russland skal stoppe opp, og dessutan at det har vorte vanskelegare for fraktskip å passere i enkelte område og at det er uvisse rundt kven som ønskjer å kjøpe olje frå kven.

Haugland i DNB understrekar at det òg er usikkert korleis aksjemarknadene vil reagerer på krisa. Kraftig nedgang der kan bety mindre inntekter til Oljefondet og mindre handlingsrom for politikarane.

– Vi får ei kraftig innstrøyming av pengar til statskassa. Inntektene blir mykje sterkare enn vi hadde trudd på førehand. Det gjeld både olje og gass, seier Haugland.

– Storleiken på verdien av Oljefondet, og dermed handlingsrommet til politikarane, er òg avhengig av situasjonen i finansmarknaden. Viss vi skulle sjå eit kraftig og vedvarande fall i aksjeprisar, vil det kunne motverke den effekten, seier ho.

Ingen kollaps
DNB-økonomen påpeikar at det har vore nedgang i den internasjonale marknaden og at det er stor uvisse rundt om det vil halde fram.

– Dei reagerer nettopp på frykta for ei energikrise. Det har ikkje vore ein kollaps, men det er nedtur på børsane. Det er vanskeleg å seie om det er mellombels eller om det vil forverre seg, seier Haugland.

Uvissa i olje- og gassindustrien kjem truleg til å halde fram framover.

– Framleis skal vi hugse på at det ikkje har skjedd noko med leveransane. Enno flytar både olja og gassen som han har gjort før, påpeikar Saltvedt.

– Marknaden er stramt i utgangspunktet og prisane var høge før denne krisa starta, så det vil ikkje falle til veldig låge nivå viss leveransane går som planlagt, seier Saltvedt.

Ho påpeikar at det òg er store svingingar i gassprisen.

Inflasjonsfrykt
Auka olje- og gasspris gjer at eksportland som Noreg vil få auka inntekter, men det kan òg få negative konsekvensar for økonomien.

– Det ein ser på er om det kan påverke inflasjonen eller dempe veksten i økonomien, seier Saltvedt.

Auka straumpris påverkar inflasjonen direkte, seier Haugland, men støtteordningane vil bidra til å dempe den effekten.

– Så kjem dei indirekte effektane ved at kostnadene til bedriftene blir høgare, og det vil dei prøve å leggje over på forbrukarane, seier Haugland.

Det vil føre til prisvekst jamt over. Haugland kallar det eit inflasjonspress som kjem på toppen av eit allereie kraftig press.

– Dette kjem i ein periode der prisveksten allereie er høg på ei rekkje produkt som ein treng i det daglege på grunn av flaskehalsen i global produksjon etter pandemien, seier Haugland.

(©NPK)

Publisert: 02.03.2022 11:44

Sist oppdatert: 02.03.2022 11:51

Mer om