Lagar straum av overskotsvarme
EL-VERK OMBORD: Ulmatec Pyro-sjef Jan Petter Urke skal levere varmegjenvinningsanlegg som også kan lage elektrisietet.
Nytt

Lagar straum av overskotsvarme

Motorvarme som før gjekk til spille skal drive elektristetsverk om bord i skip.

15.09.2015
Ulmatec Pyro-sjef Jan Petter Urke er ikkje smålåten under lanseringa av selskapet si siste nyvinning, eit varmegjenvinningsanlegg som også lagar elektrisk kraft.
-Dette er den største innovasjonen som har skjedd sidan overgangen frå dampmaskin til dieselmotor, seier Urke.
Medan ein tradisjonell forbrenningsmotor har ein virkningsgrad på 35 prosent vil Urke no levere anlegg som utnyttar 70 prosent av energien.

Utnyttar varmen

Ulmatec Pyro har arbeidd med varmeutnyttingssanlegg for skip i mange år. Selskapet, , byggjer anlegg som brukar overskotsvarme frå skipsmotorane til mellom anna oppvarming eller nedkjøling av innkvarteringsområder, tankoppvarming og avising av dekk og trapper.
Det er i seg sjølv energisparande, fordi skipet ikkje treng å bruke ekstra energi på oppvarming.

Elektristet av varme

Gjennom eit samarbeid med det svenske selskapet Climeon kan Ultmatec Pyro også tilby utstyr som brukar overskotsvarmen til å produserer elektrisk kraft. Det vil auke utnyttingsgraden for skipsmotorane enda eit hakk.
Urke seier han reknar med å få på plass avtalen med svenskane i løpet av kort tid.

Maersk vil ha begge

Kontakten mellom Ulmatec Pyro og Climeon kom i stand for kort tid sidan, då Urke oppdaga av det danske reiarlaget Maersk hadde spesifisert Ulmatec Pyro-utstyr til varmegjenvinning og Climeon-anlegg til elektrisitetsproduksjon om bord i eit boreskip Maersk skal bygge.
Climeon har tidlegare levert eit anlegg for elektrisitetsproduksjon til Viking Line.
Etter at Ulmatec Pyro lanserte varmeutnyttings-systemet sitt i 2011 har selskapet seld 80 anlegg.
Ulmatec Pyro i Søvik er eigd av Ulmateckonsernet (55 prosent) og Pyrofabrikken med Ove Arild, Palmar Svenn og André Bjørnøy som eigarar.
Dette er den største innovasjonen som har skjedd sidan overgangen frå dampmaskin til dieselmotor

Publisert: 15.09.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46