Eva Vinje Aurdal foto Ogne
TIL FORMANNSKAPET: Ein eventuelle uttale om lakseskatten frå Ålesund kommune skal kome frå formannskapet, har ordførar Eva Vinje Aurdal bestemt. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Lakseskatten til formannskapet

Viktig at dei som blir berørt, opplever at dei blir sett av lokalpolitikarane, meiner Ålesund-ordføraren.

21.11.2022

Skatteauken for oppdrettsselskapa blir tema i formannskapet i Ålesund kommune.

- Det er viktig for meg at dei som blir berørt av dette, opplever at dei blir sett av oss som driv med lokalpolitikk, seier ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund kommune til NETT NO.

Høgre har bedt om at representantar for bedriftene som lagar utstyr og leverer tenester til oppdrettsbransjen får kome til kommunestyret og orientere om si vurdering av konsekvensen av regjeringa sitt framlegg om skatteauke for oppdrettselskapa. Høgre vil også at kommunestyret skal kome med ein uttale om skatteauken.

Det seier Vinje Aurdal nei til, men tek debatten i formannskapet i staden.

Eva Vinje Aurdal seier det er ikkje tradisjon for å la interessgrupper kome til orde med innlegg på kommunestyremøta i Ålesund. Det førstkomande kommunestyremøte skal dessutan handle om budsjett- og økonomiplan, og då vil ho ikkje ha andre tema inn i møteplanen.

I staden viser ho til at interessegrupper får legge fram si sak i formannskapsmøta, og det vil ho også skal skje her.

Formannskapet er ein mindre fora, og betre eigna for ein dialog, seier Vinje Aurdal.

Dermed blir det innlegg frå bransjen på formannskapsmøtet 29. november, og eit eventuelt vedtak om ein uttale om lakseskatten frå formannskapet.

Regjeringa sitt framlegg om auka skatt på oppdrettselskapa er ute til høyring med høyringsfrist 4. januar 2023. Ein eventuell uttale om lakseskatten frå formannskapet står ikkje i vegen for at Ålesund kommune også kan levere inn ein eigen høyringsuttale, seier Vinje Aurdal.

Podium

E18/S3 Permitteringer og tapte kontrakter - kva skjer no?

Publisert: 21.11.2022 15:27

Sist oppdatert: 21.11.2022 21:15

Mer om