Leif Magne Langset Erik Nikolai Wexels Wold Foto Marius Rosbach 11
STRID OM STORE BELØP: Det tyrkiske Tersan-verftet og Langset-konsernet har rettet tosifra millionkrav mot kvarandre i kjølvatnet av oppdraget med å innreie Havila Kystruten-skipene. Styreleier Leif Magne Langset (t.v.) i Las As skulle møte i ny rettssak i april. Foto: Havila Kystruten/Marius Rosbach
Nytt

Langset-selskap konkurs før rettssak

Melder oppbod kort tid før millionsøksmål frå Tersan.

Marius Rosbach
12.04.2024

Kort tid før rettssaka der Tersan krever et betydeleg beløp frå Las As, har Molde-selskapet meld oppbod.

Møre og Romsdal tingrett opna konkurs i selskapet torsdag, og Erik Rolfsen er oppnemnt som bustyrar.

Rettssaka var planlagd å gå over tre dagar i tingretten i Molde frå 23. april. Las As er eigd av Langset-familien – som også eig Langset Group - men det er ikkje lengre drift i selskapet.

Bakgrunnen for søksmålet frå det tyrkiske Tersan-selskapet, er innreiingsoppdraga Norwegian Marine Interior (NMI) hadde på Havila Kystruten-skipa i Tyrkia.

Striden har allereie vore ei runde i retten for å avklare korleis ein garantiavtale med morselskapet skulle tolkast.

I førre runde fekk Langset-selskapet medhald frå retten i at dei kunne legge fram motkrav, men i avgrensa grad.

Neste runde vil i hovudsak dreie seg om storleiken på kravet. Då saka var oppe i Møre og Romsdal tingrett i 2022, meinte Tersan dei hadde krav på kring 6,2 millionar euro – eller i overkant av 70 millionar kroner.

Striden var ikkje avgjort då NMI-selskapet gjekk konkurs i haust og det tyrkiske verftet har levert inn eit krav på nær 6,5 millionar euro – eller kring 75 millionar kroner til buet.

Styreleiar Leif Magne Langset i Las As la ikkje skjul på at han helst skulle nytta tida på andre ting enn rettstvisten, i eit intervju med Nett No i vinter.

– Det er eigentleg heilt meiningslaust. Saka har berre taparar, NMI er konkurs og det er ingenting å hente, sa han den gong.

Nett No har ikkje fått kontakt med Leif Magne Langset fredag.

Publisert: 12.04.2024 16:04

Sist oppdatert: 29.04.2024 19:29

Mer om