Havila Capella ved Tersan foto Havila Kystruten 111
TRØBBEL I TYRKIA: Havila Capella under bygging ved Tersan-verftet i Tyrkia. Konkursråka Norwegian Marine Interior fekk ein rekke problem undervegs med høge kostnader til lønn og svinn av materiale, ifølgje ein rapport frå bustyraren. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Kjempekrav i Langset-konkurs

Tersan-selskap meiner dei har 75 millionar til gode. Men det er truleg lite å hente.

Marius Rosbach
03.01.2024

Arbeidet i konkursbuet etter Norwegian Marine Interior (NMI) går mot slutten. I den førebelse innberetninga frå bustyrar Kristine Devold til Møre og Romsdal tingrett, går det fram at det truleg ikkje blir noko att til kreditorane.

Allereie då selskapet i Langset-gruppen melde oppbod i november i fjor, var det klart at gjelda var betydeleg. På det tidspunktet var gjelda anslått til kring 6,8 millionar – og det har auka kraftig sidan då.

Rett før jul leverte eit av Tersan-verftet i Tyrkia sine dotterselskap eit krav til buet på 6.590.701 euro – eller kring 75 millionar kroner.

Bustyraren påpeiker til NETT NO at kravet ikkje er prøvd, og at det kan vere motkrav frå Norwegian Marine Interior i dette spørsmålet.

Krav på 82 millionar
Til saman er det kome inn 16 krav på knappe 82 millionar kroner til buet.

Kravet frå det tyrkiske verftsselskapet har mellom anna samanheng med striden NMK har om innreiinga av Havila Kystruten-skipa ved det tyrkiske verftet.

NETT No har fleire gonger omtala garantikrangelen. Då saka var oppe i Møre og Romsdal tingrett i 2022, meinte Tersan dei hadde krav på kring 6,2 millionar euro. Striden var ikkje avgjort då selskapet gjekk til skifteretten.

Leif Magne Langset Erik Nikolai Wexels Wold Foto Marius Rosbach 11
STRID OM KYSTRUTENSKIP: Styremedlem Leif Magne Langset (t.v.) i NMI under rettsaka mot Havila Kystruten i Ålesund. Selskapet rauk også uklar med Tersan-verftet undervegs. Til høyre advokat Erik Nikolai Wexels Wold. Foto: Marius Rosbach

Fekk store problem i Tyrkia
Norwegian Marine Interior hadde økonomiske problem i fleire år, før selskapet gjekk over ende.

Striden med Tersan-selskapet om kystruten-skipa var berre ein av utfordringane. I rapporten frå bustyraren kjem det fram korleis selskapet måtte gjere store endringar for å løyse innreiingsoppdraget i Tyrkia.

Mellom anna måtte dei betale dobbel lønn til arbeidarane, og det var vanskeleg å få nok arbeidskraft.

Selskapet har også opplyst at det forsvann material i «stor skala», og at dei difor måtte nytte leveransar frå skip nummer to, for å gjere ferdige det første skipet.

Problem med fleire kontraktar
Ein leveranse til 10 russiske fiskebåtar var ein annan større kontrakt, der det oppstod problem. Oppdraget ble stoppa etter invasjonen av Ukraina, og leverandørane fekk delvis oppgjer.

I rapporten frå bustyraren går det fram at Molde-selskapet nesten rakk å fullføre arbeidet for Vard på den siste av tre kystvaktskip, før konkursen var eit faktum.

Selskapet hadde også ein kontrakt på ein båt under bygging ved Aas Mek. Verksted, men dette oppdraget blei kansellert fordi leverandørane ikkje lengre ville levere.

Påverkar ikkje Langset-konsernet elles
Norwegian Marine Interior vart etablert i 2014 og har levert skipsinnreiing og teknisk isolasjon til skip.

Firmaet har tidlegare hatt betydeleg verksemd men berre 19 personar var tilsett på konkurstidspunktet. Dei fekk tilbod om arbeid i andre selskapet i konsernet.

Konkursen påverka ikkje drifta i Langset-gruppa elles. Nytilsett konsernsjef Andreas Lindaas Lie fortalde til NETT NO på slutten av fjoråret, at dei hadde god aktivitet i det familieeigde konsernet i Molde.

Publisert: 03.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 09.01.2024 10:08

Mer om