Leif Magne Langset Erik Nikolai Wexels Wold Foto Marius Rosbach 11
STRID OM STORE BELØP: Det tyrkiske Tersan-verftet og Langset-konsernet har rettet tosifra millionkrav mot kvarandre i kjølvatnet av oppdraget med å innreie Havila Kystruten-skipene. Styreleier Leif Magne Langset (t.v.) i Las As må møte i ny rettssak i april. Foto: Havila Kystruten/Marius Rosbach
Nytt

Må nok ei runde i retten mot Tersan

– Heilt meiningslaust. Saka har berre taparar, seier styreleiar i Langset-eigd selskap.

Marius Rosbach
10.01.2024

Til våren må nok ein gong eit Langset-selskap møte i retten i kjølvatnet av innreiingsoppdraget Norwegian Marine Interior (NMI) hadde på Havila Kystruten-skipa i Tyrkia.

I slutten av april er det Las As som må møte i Møre og Romsdal tingrett som følgje av søksmål frå eit av Tersan-verftet sine selskap. Bakgrunnen er at partane rauk uklare om innreiinga av skipa og kontraktane blei kansellert.

Las As er eigd av Langset-familien, men det er ikkje lengre drift i selskapet.

I Langset Group hadde konsernet solid auke i ordrebøkene i fjor, og ventar «god vekst i åra framover», fortalde nyleg konsernsjef Andreas Lindaas Lie til NETT NO.

Saka har berre taparar, NMI er konkurs og det er ingenting å hente
Leif Magne Langset

– Ingenting å hente
Styreleiar Leif Magne Langset i Las As legg ikkje skjul på at han helst skulle nytta tida på andre ting enn rettstvisten.

– Det er eigentleg heilt meiningslaust. Saka har berre taparar, NMI er konkurs og det er ingenting å hente, seier han til NETT NO.

I førre runde fekk Langset-selskapet medhald frå retten i at dei kunne legge fram motkrav, men i avgrensa grad.

– Vi kan legge fram innseiingar på om kva utstyr som er levert og storleiken på beløpet, seier Langset.

Krav på kring 75 millionar
Striden har allereie vore ei runde i retten for å avklare korleis ein garantiavtale med morselskapet skulle tolkast.

Neste runde vil i hovudsak dreie seg om storleiken på kravet. Då saka var oppe i Møre og Romsdal tingrett i 2022, meinte Tersan dei hadde krav på kring 6,2 millionar euro.

Striden var ikkje avgjort då selskapet gjekk konkurs i haust og det tyrkiske verftet har levert inn eit krav på nær 6,5 millionar euro – eller kring 75 millionar kroner til buet.

Motkrav må fremmjast i Ukraina
Det høyrer med til historia at NMI hadde motkrav som oversteig kravet frå det tyrkiske verftet

Men om Las-selskapet skulle gjort det kravet gjeldande, måtte det skjedd ved ein domstol i den ukrainske hovudstaden Kyiv. Grunna Russlands invasjon av landet, er det naturleg nok ikkje mogleg.

Langset fortel at det gjer saka spesiell og ekstra krevjande.

Havila Capella ved Tersan foto Havila Kystruten 111
FLEIRE RETTSTVISTAR: Havila Kystruten bygde fire skip ved Tersan-verftet i Tyrkia. Arbeidet var prega av forseinkingar på grunn av pandemi og Russland-sanksjonar - i tillegg til at fleire stridsspørsmål har hamna i retten. Foto: Havila Kystruten

Hovudforhandlingar i april
Rettssaka om garantikravet vil gå i Molde og det er sett av tre dagar frå 23. april til hovudforhandlingane.

Las As er representert ved Erik Wold frå Molde-firmaet Wold & Co, medan Tersan Tersanecilik Sanayi ve Ticaret er representert ved Norman Hansen Meyer frå advokatfirmaet Schjødt.

Les meir om bakgrunnen under:

Publisert: 10.01.2024 10:28

Sist oppdatert: 10.01.2024 11:50

Mer om