Øyvind Gjerde Kamsvåg sjefsdesigner Ulstein Group nye fiskefartøy foto Ogne
NYTT DESIGN: Slik presenterer Ulstein Group sin ideen om korleis eit base-fartøy for fiskeindustrien skal sjå ut. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Lanserer nytt fiskerifartøy

Ein forsyningsbase og ein fabrikk på havet er ideen bak Ulstein Group sitt nye fartøy for fiskeflåten.

04.05.2023

Sjefdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg i Ulstein Group viste fram den nye ideen for første gang på fiskerikonferansen The Next Wave på Giske torsdag.

- Det er ein infrastruktur-hub for fiskeindustrien, seier han til NETT NO om tanken bak det nye designet.

Kjernekraft-drift
I fjor presenterte Ulstein Group ein ide om eit kjernekraftdrive basesfartøy - Thor - for cruisefartøy, der cruisefartøya kan få lada batteria frå kjernekraftanlegget om bord på Thor og gå elektrisk også over lange avstandar.

Mottak og fabrikk om bord
No er ideen utvikla til bruk i fiskeri.

Det nye fartøyet skal mellom anna ha helikopterdekk, gangbru til for eksempel fiskefartøy som skal skifte mannskap, fungere som eit fiskemottak og ha fabrikk for vidareforedling - før foredla produkt blir frakta over til transportfartøy som tek fisken til lands.

Ideen er og utruste fartøyet med ni meter lange sjølvstyrte dronar for å leite etter fangst og 15 meter lang sjølvstyrte fiskefartøy.

Leverer energi
Akkurat som Thor skal levere energi frå kjernekraftreaktoren sin til batteridrivne cruiseskip skal det nye basefartøyet levere energi til fiskefartøy.

Kamsvåg seier basefartøyet også skal kunne bruke straum frå rektoren sin til å produsere ulike typer energiberarar, som kan brukast i eksisterande fiskeflåte.

Eitt mål med ideen er å skape debatt, som skal medverke til at ideen blir vidareutvikla.

- Ved å lage sånne ting kan vi bidra til løysingar som kan bidra til å flytte oss eitt-to-tre steg vidare, seier Kamsvåg.

Publisert: 04.05.2023 16:21

Sist oppdatert: 04.05.2023 16:42

Mer om