Øyvind Gjerde Kamsvåg Sunniva Rose foto Ogne
VIL SATSE PÅ KJERNEKRAFT: Sjefdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg i Ulstein Group og kjernefysikar Sunniva Rose. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Trur på thorium-reaktorskip innan 10-15 år

Det største hinderet for Ulstein Group sitt planlagte kjernekraft-skip er manglande regelverk for slike skip.

12.05.2022

- 10-15 år fram i tid, er svaret til Ulstein Group sin sjefsdesignar, Øyvind Gjerde Kamsvåg, på når selskapet sine skip med kjernekraft som energikjelde kan vere ute i marknaden.

Torsdag var både Kamsvåg og kjernefysikar Sunniva Rose på scenen under iKubenkonferansen i Molde.

Rose for å snakke om kjernekraft og potensialet i å bruke thorium som råstoff i kjernekraft, Kamsvåg for å snakke om Ulstein Group sine planar om å ta thorium i bruk for å produsere energikjelde i skipsfart.

Thorium er eit grunnstoff Noreg har mykje av, og som har den fordelen at det blir mindre avfall frå eit thoriumkjernekraftverk enn frå eit urankjernekraftverk. Ulempen er at thoriumkraftverk ikkje er ferdig utvikla. Det medverkar til at Rose svarar tja på om thorium blir den nye oljen.

Vist fram på cruisemesse
Ulstein Group viste fram ideen om kjernekraftdrivne skip på Seatrade Cruise-messa i Miami i april i år.

Ideen er å bygge eit skip med eit kjernekraftverk basert på thorium ombord. Det skal produsere elektrisitet og fungere som ein flytande batteribank midtvegs mellom sørspissen av Sør-Amerika og Antarktis. Der kan batteridrivne cruiseskip - også med Ulstein-design - lade opp batteria sine slik at turen Sør-Amerika - Antarktis kan gå heilt og fullt på batteri.

Meiner regelverk er flaskehalsen
Batteria må rett no vere såkalla faststoff-batteri, som kan lagre meir energi på same plass som dagens batteri kan. Men det har Ulstein Group fått lovnadar om skal vere klare i god tid, seier Kamsvåg.

Det er ikkje teknologiutvikling, men å utarbeide eit internasjonalt regelverk for bruk av sivile skip med kjernekraftverk ombord, som er den største flaskehalsen, etter Kamsvåg si vurdering.

Tek omsyn til opinionen
Då Rose først høyrde om ideen til Ulstein Group såg ho for seg at eit kjernekraftverk basert på uran er løysinga. Det er utprøvd teknologi, og lite farleg sjølv om mange har frykt for både kraftanlegga og for stråling frå restavfallet, ifølgje Rose.

I utgangspunktet vil det mest effektive vere at kvar skip har sitt eige kjernekraftverk ombord, ifølgje Rose. Det er Kamsvåg samd i, men seier omsynet til skepsisen til atomkraft i opinionen gjer at Ulstein Group har lansert ein modell med eitt skip som produserer kraft, og forsyner batteria til fleire cruiseskipa med straum.

At thorium gir mindre avfall og er rekna som mindre kontroversielt enn uran også ein faktor for at Ulstein Group i utgangspunktet vil satse på thoriumkraftverk, ifølgje Kamsvåg.

For store lasteskip er sjansen for at uranbaserte kjernekraftverk ombord blir akseptert, trur han.

Publisert: 12.05.2022 14:39

Sist oppdatert: 29.11.2023 16:38

Mer om