Larsnes Mek Verksted juni 2022 foto marius 11
STOR VEKST: Aktiviteten ved Larsnes Mek Verksted har skutt fart de siste åra. Brønnbåtreiarlaget Rostein er største aksjonær i verftsselskapet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Larsnes Mek med nok eit rekordresultat

Har arbeid til alle ut neste år. No vil verftet auke talet på kvinner i arbeidsstokken.

Marius Rosbach
26.06.2022

Larsnes Mek Verksted leverte nok eit rekordår i fjor og verftet har fullt opp å gjere ut 2023, skriv leiinga i årsrapporten for 2021.

Verftet auka lønnsemda betydeleg allereie i 2020, og følgde opp i fjor med nok eit rekordresultat på nær 40 millionar før skatt. Lønnsemda er betydeleg betre enn den har vore tidlegare for verftet, som i løpet av fjoråret også markerte 40 år i bransjen.

Leiinga påpeiker i årsrapporten at året er det beste nokon gong resultatmessig.

Har oppdrag ut 2023
Sande-verftet har vekse betydeleg sidan brønnbåtreiarlaget Rostein kom inn på eigarsida for nokre år sidan. Også omsetninga gjorde eit nytt byks i fjor.

Etter å ha hatt ei omsetning på kring 500 millionar dei siste fem åra, bikka inntektene over 600 millionar for første gong i fjor (sjå tabell under).

Verftet har fullt opp å gjere med oppdrag ut neste år, skriv leiinga i årsrapporten.

(saka held fram under)

Larsnes Mek. Verksted as
Tal i mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekter
607,3
476,4
Driftsresultat
38,8
37,5
Resultat før skatt
39,3
36,9

Vil rekruttere fleire kvinner
Talet på kvinner i arbeidsstokken er lågt – som elles i den maritime industrien. På Larsnes-verftet var berre fem av dei 73 tilsette på verftet kvinner i fjor – ein andel på sju prosent.

Leiinga har sett som mål å auke talet på kvinnelege tilsette til ti prosent innan 2026. I løpet av året skal verftet gjere ei analyse av kjønnsfordelinga og undersøke risikoar for diskriminering.

I tillegg til veftet sine eigne tilsette, var det 120 sysselsette i produksjonen i løpet av fjoråret.

Fakta om Larsnes Mek Verksted

Larsnes Mek Verksted AS blei etablert 2. mars 1981 og ligg på Larsnes i Sande kommune.

Det var Longva Mek Verksted AS med søskena Marvin Longva, Lidvar Longva og Helga Longva Dyrhol i spissen, som tok initiativ til oppkjøp av konkursråka Hammer Mek Verkstad – som sidan fekk namnet det har i dag.

Rostein-selskapet Rofisk er største eigar med knappe 69 prosent av aksjane. Fleire av dei tidlegare eigarane, mellom anna Jarle Gunnarstein, er framleis inne med mindre aksjepostar.

(kjelde: Larsnes Mek Verksted)

(saka held fram under)

Larsnes Mek Verksted juni 2022 foto marius 22
STOR INVESTERING: Det er stor aktivitet ved Sande-verftet om dagen med utbygging av dokkhall, nye kaier og trafo for landstraum. Foto: Marius Rosbach

Bygger dokkhall og nye kaier
På sjølve anlegget er det også stor aktivitet om dagen med utbygging av dokkhall, nye kaier og trafo for landstraum. Investeringa er den største i verftet si historie og er venta å stå ferdig neste år.

Leiinga skriv at det har vore litt utfordringar med logistikken i samband med bygginga. Også i produksjonen var det utfordringar med bemanning og vareleveransar i løpet av fjoråret.

Framover skal verftet levere brønnbåten Ro Senja, fiskebåtane Nord-Fugløy og Jarle Berg, og nok ein brønnbåt til Rostein.

Publisert: 26.06.2022 14:16

Sist oppdatert: 30.06.2022 11:03

Mer om