Ro sailor
KONTRAKT: Larsnes Mek. Verksted skal byggje søsterskip til Ro Sailor. Nybygget skal vere klart til 1. mai 2023. Foto: Larsnes Mek. Verksted
Nytt

Fekk romjulskontrakt

Byggjer endå ein brønnbåt til Rostein med Måløy-design.

29.12.2021

Brønnbåtselskapet Rostein har bestilt endå eit nybygg ved Sande-verftet Larsnes Mek Verksted. Nybygget vert det tiande nybygget som baserer seg på innovasjonsprosjektet "Ro Arctic". Det opplyser designselskapet Skipskompetanse i Måløy i ei pressemelding.

Ifølgje Skipskompetanse er designet eit slankare skrog, optimalisert for frakt av laks og har ein lastekapasitet på 2800 kubikkmeter. Brønnane vert arrangerte for open og lukka transport av laks og smolt.

Nybygget vert 79,3 meter langt, 15 meter breidt og innreidd for 12 personar. Dette vert eit søsterskip Ro Sailor.

3,5 milliardar kroner
Verftsdirektør Jarle Gunnarstein viser i pressemeldinga til at med det siste nybygget nærmar Rostein seg nybygg for 3,5 milliardar kroner ved verftet, eit verft Rostein er hovudeigar i.

- Dette underbyggjer kor viktig havbruksnæringa er for maritim sektor, seier Gunnarstein.

I pressemeldinga vert det vist til at for å ta designet og erfaringane ved Ro Sailor eit hakk vidare vert nybygget utrusta med IMO Tier III-maskineri.

- Båten vil bli topp utstyrt og ha nullutslepp under lukka transport med overvaking, reinsing av
vass-sirkulasjon, UV-behandling av vatn inn og ut av lasteromma, automatisk vaske- og desinfiseringsanlegg samt overvaking, regulering og logging av vannparameter, seier Gunnarstein.

Jarle Gunnarstein Larsnes Mek verksted
LARSNES: Endå ein Rostein-kontrakt for Jarle Gunnarstein og Larsnes Mek. Verksted. Foto: Kjetil Haanes
Dette underbyggjer kor viktig havbruksnæringa er for maritim sektor
Jarle Gunnarstein

Polsk skrog
Skroget skal byggast i Gdansk av Marine Projects, eit verft Larsnes Meek. Verksted har hatt langvarig samarbeid med.

Skroget skal etter planen kome til Larsnes i november 202, og overleverast til Rostein 1. mai 2023.

Prosjektet gjer at Skipskompetanse no har fem nybygg gåande i samarbeid med Larsnes Mek
Verksted.

Publisert: 29.12.2021 10:18

Sist oppdatert: 29.12.2021 14:39

Mer om