Skipskompetanse jarle berg illustrasjon 11
NYTT OPPDRAG: Fiskebåten som Larsnes Mek. Verksted skal bygge, blir etter planen levert i august 2023. Illustrasjon: Skipskompetanse
Nytt

Ny kontrakt til Larsnes og Skipskompetanse

Skal bygge kystnotfartøy for reiarlag i Nordland.

Marius Rosbach
02.11.2021

Larsnes Mek. Verksted i Sande har sikra seg kontrakt på bygging av eit nytt fiskefartøy som Skipskompetanse i Måløy har teikna. Det kjem fram i ei pressemelding tysdag.

Avtalen om å bygge eitt nytt fartøy til Trond og Børre Berg i Nordland, er inngått mellom verftet, skipsdesignselskapet og Jarle Bergs Sønner og Co, som held til ved Verøy i Lofoten.

Dieseldrift og batteripakke
Det nye kystnotfartøyet blir 50 meter langt og 12 meter breitt. Om bord blir det dieselmotor og batteripakke på 1000 kilowattimar.

Fiskebåten vil få eit optimalisert skroglinje, stor propell, to-trinns gir og variabel turtalsgenerator.

Bygger på tidlegare design
Designnemninga er SK-3151 og fartøyet blir byggenummer 72 ved verftet. Fiskefartøyet blir sett opp som eit ferskfiskefartøy og tankar med moglegheit for å ha levande fisk og innfrysing.

Fiskebåten får namnet Jarle Berg, etter faren til reiarane, og har same utgangspunkt som eit tidlegare fartøy verftet har levert til Camaro Fiskeriselskap.

Publisert: 02.11.2021 14:07

Sist oppdatert: 02.11.2021 17:55

Mer om