Lav risiko for brann i elbilar
SOLA: Delar av parkeringshuset raste saman etter brannen på Stavanger lufthamn i Sola kommune. 
Nytt

- Lav risiko for brann i elbilar

Norsk Elbilforening meiner Gjensidige skapar eit feilaktig inntrykk av at elbilar er utrygge brannbomber.

09.01.2020
NPK-NTB: – Elbilar tar ikkje oftare fyr enn bensin- og dieselbilar. Snarare tvert om, seier Sigurd Folgerø Dalen, fungerande informasjonssjef i Oslo brann- og redningsetat, til .
Dersom batteriet til ein elbil tar fyr, er det vanskeleg å sløkke. Men det skal mykje til før batteriet tar fyr, ifølgje Dalen.
Tysdag braut det ut ein kraftig brann i eit parkeringshus ved Stavanger lufthamn. Mellom 200 og 300 bilar blir rekna å vere brannskadde.

Starta i eldre dieselbil

Fleire medium meldte at brannen starta i ein elbil, men det har seinare vorte tilbakevist. Brannen starta i ein eldre dieselbil, ein Opel Zafira frå 2005.
Bjarne Aani Rysstad, kommunikasjonssjef i forsikringsselskapet Gjensidige, er blant dei som har uttrykt bekymring spesielt for brann i elbilar i parkeringshus. Han seier at batteria i elbilar utgjer størst brannfare når det først går gale, sjølv om brannfaren isolert sett ikkje er høgare enn i andre bilar.
Norsk Elbilforening meiner det er uheldig at Gjensidige skapar inntrykk av at elbilar er utrygge brannbomber.
– Sjølvsagt skal ein frykte brann i parkeringshus. Men den frykta bør gjelde alle bilar – sidan alle bilar brenn, seier generalsekretær Christina Bu.

Publisert: 09.01.2020 08:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49