Per vidar kjølmoen guvnor ulstein foto marius 11
ULSTEIN VERFT: Per Vidar Kjølmoen (Ap) kjem tl Ulstein Verft torsdag for å legge fram regjeringas industriløft. Her frå eit tidlegare møte med mellom anna Gunvor Ulstein. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Legg fram industriløft på Ulstein

No kjem tiltaka frå regjeringa for korleis eksporten skal aukast. Følg pressekonferanse klokka 10.

Marius Rosbach
22.06.2022

Torsdag klokka 10 er det kalla inn til pressekonferanse fleire stader i landet for å snakke om vegkartet for regjeringas industriløft.

Arbeiderpartiets næringspolitiske talsperson Per Vidar Kjølmoen kjem til Ulstein Verft for å legge fram planen for korleis regjeringa vil løfte industrien inn i ei grønare framtid.

Statsminister Jonas Gahr Støre og næringsminister Jan Christian Vestre har pressekonferanse om same tema i Stavanger.

Følg pressekonferansen frå torsdag kl 10

Vil innebere eit godt løft, også for maritim industri
Per Vidar Kjølmoen

Kjem tiltak for maritim industri
Grøn maritim eksport er peika ut som eitt av fleire satsingsområder i regjeringas eksportstrategi, saman med havvind.

Difor er det grunn til å vente konkrete tiltak mellom anna for verftsindustrien, men Per Vidar Kjølmoen ville ikkje avsløre stort på førehand.

– Eg meiner Ap og Sp legg fram ny politikk som vil innebere eit godt løft, også for maritim industri, sa han til NETT NO.

Vil auke eksporten frå fastlandet
Støre-regjeringa vil jobbe spesielt med å auke eksporten frå fastlandsindustrien. Heile 50 prosent innan 2030 er det uttalte målet.

– Industriløftet er ei operasjonalisering av dette, med tiltak om korleis vi har tenkt til å kome dit, sa Kjølmoen.

Utover maritim næring og havvind, er hydrogen, CO2-håndtering og batteriindustrien trekt fram som satsingsområder, i tilegg til grøne prosjekt i prosessindustrien og skog-, tre- og bionæringen.

Publisert: 22.06.2022 15:19

Sist oppdatert: 23.06.2022 10:42

Mer om