Legg skulda for ferjeprisane paa fylkespolitikarane
FERJE: Samferdselsminister Jon Georg Dale seier han forstår godt at folk er opprørte over ferjetakstane, men at han har gjort det han kan. No er det opp til fylka, skriv han i eit lesarbrev. 
Nytt

Legg skulda for ferjeprisane på fylkespolitikarane

Samferdselsminister Jon Georg Dale seier han forstår godt at folk er opprørte over ferjetakstane, men at han har gjort det han kan.

15.01.2020
(NPK): No er det opp til fylka, skriv han i eit lesarbrev.
Den siste tida har det vore opprør i ferjefylka etter at ferjetakstane vart skrudd drastisk opp etter nyttår. I Nordland har opprøret ført fram og fylket skrur prisane ned til same nivå som i 2019, utanom i sommarsesongen.
I eit lesarbrev publisert på skriv Jon Georg Dale at han godt forstår at folk er opprørte, men at det er fylka sjølv som har ansvaret i denne saka.

- Ikkje grønt pålegg

Ifølgje Dale held staten nede prisane på ferjer på riksvegen, og at det på fylkesvegane er fylkeskommunen som står med ansvaret
Ferjefylka har lagt skulda for auken i ferjetakstane på staten, gjennom pålegg om låg- og nullutsleppsferjer og at dei ikkje får overført nok pengar frå staten. Dette er ikkje Dale einig i. Han seier det ikkje finst nokon konkrete pålegg om grøn ferjeteknologi, og at regjeringa har styrkt økonomien til fylka.
«I 2018 endra vi på den såkalla båt- og ferjenøkkelen, som avgjer fordeling av midlar til fylkeskommunane.

Les også:


- Sjå til Nordland

Etter endringa kom både Nordland og Møre og Romsdal betre ut økonomisk. I tillegg blei båt- og ferjefylka styrkte med 100 mill. kroner i året», skriv han i lesarbrevet.
Samferdselsministeren sender òg eit stikk til heimfylket om at han håper dei gjer som Nordland og set ned prisane.

Les også:




Synspunkt:

Publisert: 15.01.2020 09:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50