Toppsjef Reuben Munger i Vision Ridge Partners vart under ei ekstraordinær generalforsamling tysdag valt inn i Fjord1-styret. Det vart også Birthe Cecilie Lepsøe.
Dei to erstattar Fredrik Mohn og Brita Eilertsen som trekte seg i protest frå styret etter at Havila kjøpte seg opp til å eige 66,5 prosent i transportselskapet, og samstundes inngjekk strategisk partnerskap med Vision Ridge.
Totalt var 80,8 prosent av aksjane representerte på generalforsamlinga.
Perestroika har vore nest største aksjonær i Fjord1, og meinte under generalforsamlinga at Munger ikkje var uavhengig ettersom Vision Ridge må sjåast på som konsolidert med dei Sævik-kontrollerte selskapa Havilafjord AS og Havila Holding AS.
I ei børsmelding frå Fjord1 er det opplyst at dei to aktørane vil samarbeide om å utvikle Fjord1 til å verte eit integrert transport- og reiselivsselskap, inkludert å vurdere å leggje Havila Kystruten inn under Fjord1.
Fleirtalet på 86,22 prosent av røystene støtta valet på Lepsøe og Munger, som dermed er valde inn i styret for 1,5 år.
Vision Ridge vart etablert av Reuben Munger i 2008. Han kom då frå The Baupost Group, der han tidlegare var partnar.
Etter starten har det Colorado- og New York-baserte selskape investert for over ein milliard USD i ulike selskap.
Eitt av selskapa fondet har investert i er Vision Fleet, som satsar stort på transport med hybride og elektriske fartøy.
Hittil har Vison Ridge Partners berre hatt investeringar i USA, og Fjord1 er dermed første satsinga utanfor USA.
Valkomiteen viser til Munger har ei rekkje styreverv i større selskap, og har også hatt ei rekkje leiande posisjonar.
Ho har 20 års erfaring innan finansiell leiing, rådgiving og har ei rekkje styreverv, blant anna i Sparebank1, SR Bank, Belships og fleire selskap i Smedvig-gruppen.
Ho bur i Bergen.
Munger er 46 år gamal, Lepsøe er 48.
Styret består forøvrig av Havila-representantane Per Sævik og Vegard Sævik (styreleiar), samt Siri Hatland, Atle Olav Trollebø og Terje Hals, med Thomas Rakstang og Daniel Nedrelid som observatørar.
Dei to erstattar Fredrik Mohn og Brita Eilertsen som trekte seg i protest frå styret etter at Havila kjøpte seg opp til å eige 66,5 prosent i transportselskapet, og samstundes inngjekk strategisk partnerskap med Vision Ridge.
Totalt var 80,8 prosent av aksjane representerte på generalforsamlinga.
- Ikkje uavhengig
Ifølgje referatet stilte Perestroika spørsmål ved uavhengigheita til dei føreslegne kandidatane.Perestroika har vore nest største aksjonær i Fjord1, og meinte under generalforsamlinga at Munger ikkje var uavhengig ettersom Vision Ridge må sjåast på som konsolidert med dei Sævik-kontrollerte selskapa Havilafjord AS og Havila Holding AS.
I ei børsmelding frå Fjord1 er det opplyst at dei to aktørane vil samarbeide om å utvikle Fjord1 til å verte eit integrert transport- og reiselivsselskap, inkludert å vurdere å leggje Havila Kystruten inn under Fjord1.
Stort fleirtal
Under avrøystinga var det 3,31 prosent av røystene som røysta imot valkomiteen sin innstilling, medan 10,47 prosent var blanke.Fleirtalet på 86,22 prosent av røystene støtta valet på Lepsøe og Munger, som dermed er valde inn i styret for 1,5 år.
Colorado og New York
Det amerikanske fondet eig frå før rundt fire prosent av Fjord1.Vision Ridge vart etablert av Reuben Munger i 2008. Han kom då frå The Baupost Group, der han tidlegare var partnar.
Etter starten har det Colorado- og New York-baserte selskape investert for over ein milliard USD i ulike selskap.
Berekraft
På opplyser selskapet at ein har spesialisert seg på berekraftige investeringar, og har gjort investeringar i blant anna energi, landbruk, transport og eigedom.Eitt av selskapa fondet har investert i er Vision Fleet, som satsar stort på transport med hybride og elektriske fartøy.
Hittil har Vison Ridge Partners berre hatt investeringar i USA, og Fjord1 er dermed første satsinga utanfor USA.
Valkomiteen viser til Munger har ei rekkje styreverv i større selskap, og har også hatt ei rekkje leiande posisjonar.
Bergens-rådgivar
Birthe Cecilie Lepsøe driv sitt eige rådgivingsselskap og er i tillegg assosiert partner i Vest Corporate Advisors.Ho har 20 års erfaring innan finansiell leiing, rådgiving og har ei rekkje styreverv, blant anna i Sparebank1, SR Bank, Belships og fleire selskap i Smedvig-gruppen.
Ho bur i Bergen.
Munger er 46 år gamal, Lepsøe er 48.
Styret består forøvrig av Havila-representantane Per Sævik og Vegard Sævik (styreleiar), samt Siri Hatland, Atle Olav Trollebø og Terje Hals, med Thomas Rakstang og Daniel Nedrelid som observatørar.
Publisert: 14.01.2020 15:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50






