Prodtex oppdrettsmerd Seafarming Systems foto marius 1
PRØVDE SEG I NY MARKNAD: Varelageret etter konkursen i Prodtex Industrier inneheld mellom anna ein nesten ferdig oppdrettsmerd som avbilda her. Oppdraget med å bygge slike merdar var ein ny marknad for selskapet, og enda med å velte økonomien deira. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Lerøy-uvisse om Prodtex-oppdrag

Oppdrett- og fiskerikonsernet har ikkje avgjort om det vil ha bygd fleire av merdane Prodtex Industri i Vanylven var i gang med før konkursen.

30.09.2024

Prodtex Industri gjekk til skifteretten og melde oppbod i juni i år. Selskapet hadde 31 tilsette ved konkursen.

I varelageret inngår også ein nesten ferdig oppdrettsmerd i stål med ein omkrins på 160 meter. Selskapet var ferdige med den første av fem slike merdar som var under bygging for Lerøy Seafood.

Det var bygginga av desse merdane som velta økonomien i Prodtex Industri.

Prodtex Industri blei starta i 2019 som eit dotterselskap av Prodtex i Ulstein. Det konkursråka selskapet dreiv produksjon, medan teknologien selskapet har utvikla, ligg i morselskapet.

Ikkje svar
Per i dag har ikkje Lerøy Seafood svar på om selskapet ønskjer å få dei uferdige merdane bygd.

Nett No har mellom anna spurt kommunikasjonssjef Aina Valland i Lerøy Seafood om selskapet ønskjer å få fullført ein eller fleire av merdane, og eventuelt kvar.

Dette er hennar svar:
"Den første enheten er nylig satt i drift. På den aktuelle lokaliteten tester vi tre typer semi-lukkede løsninger. Det er for tidlig å si noe om erfaringer og veien videre, det må vi komme tilbake til."

Forhandlar om løysingar
Fleire aktørar i dialog med kreditorane om ulike løysingar for anlegget på i Vanylven, kunne Nett No fortelje tidlegare i september i år.

– Det er interessentar både for eigedomen, varelager og driftsmidlar, sa Sparebank1 SMN sin advokat, Roy Henning Haddal, til Nett No.

I tillegg til sjølve eigedomen og den delvis ferdie oppdrettmerda, består verdiane av maskinar og utstyr, mellom anna sveiserobotar og spesialutstyr til sveising, ifølgje den første rapporten frå bustyrar Espen Rekkedal.

Selskapet jobba også med å bygge ein gasstank for hydrogen. Verdiane inkluderer vidare store mengder stål og ein del spesialmåling.

Publisert: 30.09.2024 10:00

Sist oppdatert: 30.09.2024 09:53

Mer om