
Prodtex-selskap melder oppbod
– Ein svært tung dag, seier dagleg leiar. Bygging av fiskemerdar velta industrieventyret i Vanylven.
Prodtex Industri har måndag meldt oppbod, opplyser selskapet i ei pressemelding.
Årsaka er negativ økonomisk utvikling i den pågåande bygginga av fem fiskemerdar, blir det opplyst.
– Dette er ein svært tung dag for selskapets styre og leiing. Det har blitt jobba hardt for å få på plass ei økonomisk løysing slik at vi kunne drive selskapet vidare. Det er difor svært trist når ein innser at ein ikkje lukkast, uttaler dagleg lear Sigbjørn Nordstrand.
Selskapet har over noko tid forhandla med kunde, bank og andre kreditorar – men lukkast ikkje med å finne ei løysing.
Seinare måndag fortalde Nordstrand til Nett No at han ikkje ville utelukke ny drift.

31 tilsette utan arbeid
Prodtex Industri som har drive produksjon på Fiskåholmen i Vanylven, hadde 31 tilsette som no står utan arbeid.
– Vi veit at dei no går ein tøff tid i møte, og det er vi veldig lei oss for, legg Nordstrand til i meldinga.
Det konkursråka selskapet omsette for 63 millionar kroner i 2022, og resultat før skatt vart 1,3 millionar.
Morselskapet Prodtex As med adresse i Ulsteinvik er ikkje omfatta av oppbodet. I dette selskapet er det 15 tilsette.
Etablerte ny drift på Fiskåholmen
Etableringa av industriverksemda på Fiskåholmen i Vanylven blei teke svært godt i mot. Då hadde industrihallen vore delvis tom i lengre tid.
Prodtex Industri har også laga fleire bruer til Statens vegvesen på ein måte som har vekt oppsikt grunna de låge klimaavtrykket. Produksjonen skjer ved hjelp av robotisert lasersveis som er utvikla av Prodtex As.
Konkursen var ved 13-tida ikkje kunngjort frå Brønnøysundregistera.
Les meir om Prodtex under:
Publisert: 03.06.2024 13:01
Sist oppdatert: 03.06.2024 18:23