Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
MEDEIGAR: Gustave Brun-Lie er medeigar og administrerande direktør i Statt Torsk. Foto: Statt Torsk
Nytt

Lite kurshopp for Statt Torsk

Steig etter kvartalsrapport.

17.02.2023

Statt Torsk vart børsnotert i april 2021. Ved børsnotering var aksjekursen 3,25 kroner. Kursen har hatt ein fallande trend sidan starten, med 1,38 kroner aksjen 13. februar i år som den hittil lågaste kursen. I går var kursen 1,47 kroner.

Ved børsopning i dag var kursen 1,50 kroner, som verdset selskapet til 311 millionar kroner.

Les børsmelding her

Statt Torsk driv torskeoppdrett på to lokalitetar på Nordvestlandet og fekk tildelt ein tredje lisens i fjerde i fjerde kvartal i fjor.

I januar henta selskapet inn 40 millionar kroner i ny eigenkapital gjennom ein retta emisjon.

Målet er ein produksjon på 12.000 tonn i året.

Statt Torsk ASA
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt34,08,9
Driftsresultat-32,7-28,9
Resultat før skatt-35,8-28,9
Statt Torsk ASA
4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt21,87,3
Driftsresultat-6,9-16,1
Resultat før skatt-8,2-16,2

Publisert: 17.02.2023 09:22

Sist oppdatert: 17.02.2023 09:23

Mer om