Sjølve overrekkinga av Ship of the Year er det næringsminister Monica Mæland som vil stå for, men også kong Harald vil vere til stades under seremonien.
Dette opplyser redaktør Asle Strønen i Skipsrevyen, som står bak kåringa av den prestisjetunge prisen.
I 2013 var det Ulstein-bygde Seven Viking til Eidesvik-reiarlaget som vart vinnar. I år er Nordvestlandet sterkt representert både når det gjeld reiarlag, verft, designselskap og leverandør av utstyr til dei fem skipa som er nominerte.
Dei fem er Far Sleipner til Farstad Shipping, Island Venture til Island Offshore/Edison Quoest, Polar Empress til GC Rieber Shipping, Skandi Africa til DOF Subsea og Viking Neptun til Eidesvik Offshore.
Uansett kva båt som vinn, er det eit verft på Nordvestlandet som har bygt båten.
Redaktør Asle Strønen i Skipsrevyen er ein av tre jurymedlemar. Dei to andre er Rolf Sæther, tidlegare adm. dir. i Norges Rederiforbund og Birger Skår, adm. dir. i Norske Skipsverft.
- Dette vert gjort for å heidre dei kvinner og menn som gjennom skaparvilje og nye tankesett klarer å pushe næringa framover, seier Asle Strønen.
Han synst det er ekstra stas at kongen vil vere til stades.
- At H. M. Kong Harald vil vere til stades og oververe seremonien gir arrangementet ein ekstra dimensjon.
- Her er ingeniørkompetanse og maritim erfaring kombinert på ein fabelaktig god måte.
- Innanfor sitt segment leverer vinnarskipet kapasitetar som set heilt nye rekordar, seier juryen.
Dette opplyser redaktør Asle Strønen i Skipsrevyen, som står bak kåringa av den prestisjetunge prisen.
I 2013 var det Ulstein-bygde Seven Viking til Eidesvik-reiarlaget som vart vinnar. I år er Nordvestlandet sterkt representert både når det gjeld reiarlag, verft, designselskap og leverandør av utstyr til dei fem skipa som er nominerte.
Dei fem er Far Sleipner til Farstad Shipping, Island Venture til Island Offshore/Edison Quoest, Polar Empress til GC Rieber Shipping, Skandi Africa til DOF Subsea og Viking Neptun til Eidesvik Offshore.
Berre lokale verft
Viking Neptun er bygt på Kleven Verft i Ulstein, Polar Empress på Kleven-verftet Myklebust i Gursken, Skandi Africa på Vard Søviknes, Island Ventures på Ulstein Verft og Far Sleipner på Vard Langsten.Uansett kva båt som vinn, er det eit verft på Nordvestlandet som har bygt båten.
Redaktør Asle Strønen i Skipsrevyen er ein av tre jurymedlemar. Dei to andre er Rolf Sæther, tidlegare adm. dir. i Norges Rederiforbund og Birger Skår, adm. dir. i Norske Skipsverft.
- Pushar næringa framover
Strønen seier at lesarane av Skipsrevyen kjem med forslag til vinnarprosjekt, og så er det juryen som plukkar ut dei nominerte og avgjer kven som vert vinnar.- Dette vert gjort for å heidre dei kvinner og menn som gjennom skaparvilje og nye tankesett klarer å pushe næringa framover, seier Asle Strønen.
Han synst det er ekstra stas at kongen vil vere til stades.
- At H. M. Kong Harald vil vere til stades og oververe seremonien gir arrangementet ein ekstra dimensjon.
Representerer det beste
Juryen lovar at årets vinnar representerer det beste av kva skipsfartsnasjonen Norge kan 'trylle' fram.- Her er ingeniørkompetanse og maritim erfaring kombinert på ein fabelaktig god måte.
- Innanfor sitt segment leverer vinnarskipet kapasitetar som set heilt nye rekordar, seier juryen.
Innanfor sitt segment leverer vinnarskipet kapasitetar som set heilt nye rekordar
Publisert: 01.06.2015 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44