Havvind vindkraft montasje arne eik equinor illustrasjon abb havvindkonferansen 2019
HAVVIND: Representantar frå havvind- og fiskerinæringa møttest torsdag digitalt for å diskutere vegen vidare for havvindutbygging i Noreg. Arne Eik (t.h.) frå Equinor og havvindnæringa meiner Noreg må handle raskt for å bli leiande innan havvind. Illustrasjon/foto: ABB/Havvindkonferansen 2019
Nytt

Havvindnæringa lovar å lytte til fiskarane

Havvind- og fiskerinæringa møttest denne veka for å diskutere vegen vidare for utbygging i Noreg.

NPK
02.10.2021

(NPK- Kjell Åsmund Sunde): Havvindnæringa meiner Noreg må handle raskt for å bli leiande innan havvind. Fiskarane meiner grundige utgreiingar må vere på plass.

– For Noreg er havvind ei fantastisk moglegheit, og det er ingen grunn til at Noreg ikkje skal vere konkurransedyktig i næringa allereie no, sa Knut Vassbotn i Deep Wind Offshore.

Han var mellom dei som deltok under webinaret Grønt skifte i blått hav i regi av Fiskeribladet, Intrafish.no og Tekfisk.

Dialogen rundt Hywind Tampen kom seint i gang, og det var mange aktørar og interesser på bana. Vi har garantert at det ikkje skal skje igjen
Arne Eik

Har lært av Hywind Tampen
I 2022 opnar Eqinor den første norske havvindparken Hywind Tampen i Nordsjøen. Prosjektet har blitt kritisert frå fiskerinæringa for ikkje å ta interessene deira på alvor.

Prosjektleiar for havvind i Norge Equinor, Arne Eik, var klar på at dei har tatt lærdom av prosessen rundt Hywind Tampen, og at dei i framtida vil gå i langt tettare dialog med fiskarane i utviklingsfasen.

– Vi har lært mykje. Dialogen rundt Hywind Tampen kom seint i gang, og det var mange aktørar og interesser på bana. Vi har garantert at det ikkje skal skje igjen. Det er òg mykje av grunnen til at vi vil ha tidleg dialog, sa Eik.

(saka held fram under)

Daniel Garden GCE Blue Maritime Jakob Bollwinkel En BW foto Ogne
ÅLESUND-MØTE: Klyngeleder Daniel Garden (tv) i GCE Blue Maritime i Ålesund og prosjektdirektør Jakob Bollwinkel i EnBW møttest denne veka i Ålesund for å diskuterer samarbeidsavtale som kan gjøre det tyske energiselskapet en samarbeidspartner i utvikling av utslippsfrie skip i samband med havvindutbygging. Foto: Ogne Øyehaug

– Har god oversikt
Under webinaret kom det òg fram at fiskarane og havvindutbyggjarane mellom anna er usamde om kunnskapsgrunnlaget knytt til påverkinga vindmøllene får på livet i sjøen

– Vi veit mykje om kor mykje havvind påverkar sjødyr og fisk. Vi er heile tida i dialog med Norges Fiskarlag om moglege utfordringar. Vi har god oversikt og vi gjer sjølvsagt analysar av materialet vi får inn, sa Eik i Equinor.

Fiskarlaget: Mange spørsmål uavklarte
Generalsekretær Sverre Johansen i Norges Fiskarlag var ikkje samd i resonnementet frå Eik.

– Det er framleis mange spørsmål som er uavklarte. Både knytt til gyting, rekruttering og vandringsmønster. Vi har anekdotiske observasjonar, men vi manglar framleis kunnskap, sa han.

– Vi må sjå nærare på korleis store installasjonar vil påverke havmiljøet og kor stor plass som eigentleg trengst, la han til.

Sverre Johansen Norges Fiskarlag Foto fiskarlaget
FISKARLAGET: Generalsekretær Sverre Johansen i Norges Fiskarlag meiner ein framleis manglar kunnskap om korleis havvind påverkar livet i havet. Foto: Norges Fiskarlag
Vi er ikkje nødvendigvis motstandarar av havvind, men det må vere sameksistens. Fiskeria må få halde fram slik dei har gjort.
Sverre Johansen

Ikkje motstandar
Sverre Johansen peika på at Fiskarlaget ikkje har noko imot havvind i seg sjølv.

– Vi er ikkje nødvendigvis motstandarar av havvind, men det må vere sameksistens. Fiskeria må få halde fram slik dei har gjort. Det må liggje til grunn for all utvikling, sa Johansen.

Han peika på at det er naudsynt å ta med seg erfaringar frå vindkraftutbygging på land når ein skal byggje til havs.

– Det er ein risiko at all støyen knytt til vindkraft på land gjer det meir stovereint å byggje til havs. Vi må lære av erfaringane frå land - kor folk først var positive og etter kvart blei sinte. Med utbyggingane til havs må vi heile vegen ha fornuftig dialog for å sikre at fiskeriinteressene blir varetekne, sa Johansen.

Dialogen med fiskerinæringa må vere på plass, og det må vere samsvar mellom handling og tale
Knut Vassbotn

Trur på sameksistens
Knut Vassbotn i Deep Wind Offshore peika ved fleire høve på at han trur sameksistens mellom næringane er mogleg.

– Vi har snakka med mange fiskarar, og dei har forståing for utfordringane. Vi står om lag der vindkraft på land var for ti år sidan. Når noko blir realitet, vil det ha innverknad på lokalsamfunnet rundt. Vi må derfor ha aktørar med forståing av og nærleik til staden ein byggjer. Dialogen med fiskerinæringa må vere på plass, og det må vere samsvar mellom handling og tale, sa han.

Publisert: 02.10.2021 05:55

Sist oppdatert: 02.10.2021 00:22

Mer om