Låner meir til datasenter
Skal sikre finansiering av vekst.
Datasenteret Lefdal Mine Datacenter har inngått ein femårig låneavtale med UBS
Asset Management, men ei ramme på 50 millionar euro - 510 millionar kroner.
Det melder selskapet i ei pressemelding.
Avtalen erstattar låneavtalen med Sparebanken Vest, og er også ei vesentleg utviding av kor mykje selskapet kan låne, seier administrerande direktør Jørn Skaane.
Utanlandsk eigar
Ideen til og oppbygginga av Lefdal Mine Datacenter i den nedlagte olivingruva i Lefdal i Nordfjord oppsto i Måløymiljøet rundt it-selskapet Localhost og investorane Gunnar Karlson og brørne Svein og Egil Skibenes.
I fjor skaut investeringsfondet det amerikanske investeringsfondet "The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund" og det tyske It-infrastrukturselskapet Rittal inn saman 20 millionar Euro - omlag 220 millionar kroner - inn som ny eigenkapital inn i Lefdal Mine Datacenter.
Samstundes vart Måløy-miljøet og resten av dei norske aksjonærarane kjøpt ut.
Treng meir straum
Tidlegare i år fekk datasenteret ein ny stor kunde. Det, og at eksisterande kundar brukar meir straum, gjer at straumforbruket til datasenteret aukar
Gruva kan ytterlegare doble kapasiteten før den stangar i taket i høve til den straumoverføringskapasiteten som er der i dag. Men allereie om eitt års tid vil gruva få utvida kapasitet, og enda meir kan det bli.
Sogn og Fjordane Energi søkt i 2019 NVE om konsesjon til å utvide kapasiteten opp til 60-100 Megawatt. 100 Megawatt tilsvarar straum til 40.000-50.000 husstandar. Eit slikt forbruk vil gjere datasenteret til ein av det største straumforbrukarane i Sogn og Fjordane, og vil vere nærleiken av straumforbruket til Norsk Hydro sitt smelteverk i Høyanger og smelteverket i Svelgen.
Publisert: 31.05.2021 16:16
Sist oppdatert: 31.05.2021 16:19