Lefdal kan bli minst 20 gangar stoerre
STEG FOR STEG: Datasenteret i den nedlagte olivingruva i Lefdal i Nordfjord er bygt opp for utbygging i modular. No skal det investerast for kraftig vekst.
Nytt

Lefdal kan bli minst 20 gangar større

Nye eigarar skal sikre veksten for Lefdal Mine Datacenter.

06.05.2020
- Lefdal gruve kan ikkje flyttast, og ringverknadane for miljøet og regionen blir store, seier dagleg leiar Jørn Skaane etter at datasenterselskapet har fått eit utanlandsk investeringsfond som majoritetseigar.
"The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund" (ESIF), eit fond forvalta av det amerikanske investeringsselskapet Columbia Threadneedle Investments eig no to tredjepartar av Lefdal Mine Datacenter, det tyske It-infrastrukturselskapet Rittal resten.

Skaane og resten av leiinga skal halde fram, og han trur ikkje eit reint utanlandsk eigarskap er negativ - tvert i mot.

20 gangar større

Ifølgje pressemelding i samband med eigarskiftet har Lefdal Mine Datacenter kapasitet til å bli 20 gangar større. Målt i straumkapasitet er det snakk om å gå frå dagens 10 MW til 200 MW.
Då Lefdal Mine Datacenter starta arbeidet med å hente inn meir kapital var planen at dei norske eigarane - med investorane og inititativtakarane i Måløy i spissen - skulle vere med vidare.
Dei valde likevel å selje seg ut. Denne investorgruppa "ser no at Lefdal Mine Datacenter treng ein annan eigarstruktur for å løfte datasenteret til sitt fulle potensial, seier Sindre Kvalheim i pressemeldinga. Han var styreleiar i Lefdal Mine Datacenter fram til eigarskiftet.

Fornøgd med betalinga

Frå miljøet rundt inititativtakarane til datasenteret, i det Kvalheim kallar Localhost-gruppen, har det sprunge ut fleire selskap dei siste åra, i tillegg til datasenter.
Han anslår at miljøet har investert 600 millionar kroner og skapt 100 nye jobbar i ulike teknologiselskap dei to siste år.
Partane har ein avtale om å ikkje opplyse kor stor emisjonen er og kva dei norske aksjonærane har fått for sine aksjar, men Kvalheim seier til NETT NO at "ein hadde ikkje seld om ein ikkje var fornøgd".
Ein nøyaktig investeringsplan er ikkje klart, men pengane skal inn i nye prosjekt.
- Localhost-gruppen kjem til å fortsette sitt arbeid med å bygge regionen, seier Kvalheim.
"The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund" er eit såkalla "open ended"-fond. Til skilnad frå mange andre investeringsfond, som har typisk eig eit selskap i ein kortarte periode, før det blir seld vidare eller børsnotert, har "open ended"-fond ein lengre tidshorisont og ingen definerte mål om eit eventuelt vidaresal.

Publisert: 06.05.2020 12:28

Sist oppdatert: 12.06.2022 14:01

Mer om