Doblar inntektene
Storkontrakt for Lefdal Mine Datacenter.
Det tyske datalagring- og -serviceselskapet Go2cloud leiger seg inn i Lefdal Mine Datacenter i Nordfjord.
Avtalen omlag doblar kapasiteten og straumforbruket til datalagringselskapet.
Administrerande direktør Jørn Skaane i Lefdal Mine Datacenter seier han reknar det som sannsynleg med ytterlegare store kontrakter i løpet av eitt år.
Dataspel og undervisning
Verksemda til Go2could er tredelt. Selskapet leiger ut datalagring- og databehandlingskapasitet til andre, leiger ut datakapasitetet til dataspeling (gaming) og til undervisning.
Til saman skal det plasserast 15 kontainarar med dataserverar i Lefdal Mine Datacenter for Go2cloud. Dei vil ha ein kapasitet på 4,5 MW, som er omlag ei dobling i høve til dei som er der i dag.
Gruva kan ytterlegare doble kapasiteten før den stangar i taket i høve til den straumoverføringskapasiteten som er der i dag. Men allereie om eitt års tid vil gruva få utvida kapasitet, og enda meir kan det bli.
Sogn og Fjordane Energi søkt i 2019 NVE om konsesjon til å utvide kapasiteten opp til 60-100 Megawatt. 100 Megawatt tilsvarar straum til 40.000-50.000 husstandar. Eit slikt forbruk vil gjere datasenteret til ein av det største straumforbrukarane i Sogn og Fjordane, og vil vere nærleiken av straumforbruket til Norsk Hydro sitt smelteverk i Høyanger og smelteverket i Svelgen.
Les også
Utnytte overskotsvarme
I høve til kva dei rekna med då datalagringssenteret i den tidlegare olivingruva i Lefdal i Nordfjord vart planlagt er straumforbruket per datalagring/databehandlingseining auka, ifølgje Skaane
Saman med nye kundar og forventingar om ytterlegare fleire kundar, gjer det straumbehovet aukar raskare enn først venta.
Dataserverane produserer varme og må kjølast ned. Det gjer Lefdal Mine Datacenter ved å sirkulerer vatn i eit lukka system frå serverane og ut i fjorden utanfor, før nedkjølt vatn blir pumpa tilbake. Det er ei rimlegare nedkjøling enn det som er råd å få til i ei bygg over bakken.
Mellom anna skjerpa miljøkrav gjer at Lefdal Mine Datacenter er i gang med planlegging av å utnytte overskotsvarmen i framtida, men Skaane seier han forebels ikkje kan vere konkret på kva dei planane går ut på.
Sel til amerikansk fond
Ideen til og oppbygginga av Lefdal Mine Datacenter oppsto i Måløymiljøet rundt it-selskapet Localhost og investorane Gunnar Karlson og brørne Svein og Egil Skibenes.
I fjor skaut investeringsfondet det amerikanske investeringsfondet "The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund" og det tyske It-infrastrukturselskapet Rittal inn saman 20 millionar Euro - omlag 220 millionar kroner - inn som ny eigenkapital inn i Lefdal Mine Datacenter.
Samstundes vart Måløy-miljøet og resten av dei norske aksjonærarane kjøpt ut.
Ifølgje pressemelding i samband med eigarskiftet har Lefdal Mine Datacenter kapasitet til å bli gå til 200 MW.
Då Lefdal Mine Datacenter starta arbeidet med å hente inn meir kapital var planen at dei norske eigarane - med investorane og inititativtakarane i Måløy i spissen - skulle vere med vidare.
Dei valde likevel å selje seg ut. Denne investorgruppa "ser no at Lefdal Mine Datacenter treng ein annan eigarstruktur for å løfte datasenteret til sitt fulle potensial, sa Sindre Kvalheim i pressemeldinga. Han var styreleiar i Lefdal Mine Datacenter fram til eigarskiftet.
Publisert: 06.05.2021 09:56
Sist oppdatert: 12.06.2022 13:56