- Nett No har spurt ein reiar, utstyrsleverandør, verftseigar og sjef for designarselskap om kva ønsker dei har frå politikarane. Dette er tredje artikkel.
Fleire har peika på behovet for ei ny retning og giv i maritim politikk. Nett No har spurte sentrale aktørar kva dei meiner bør gjerast.
Beredskap, grøn omstilling og konkurransekraft, summerer Kongsberg Maritime-sjef Lisa Edvardsen Haugan opp då ho skal peike på dei viktigaste områda for maritim bransje framover.
– Eg er oppteken av at vi må behalde ei komplett maritim klynge, og korleis vi kan sikre oss konkurransekraft og evne til innovasjon framover, seier ho til Nett No.
Les dei to tidlegare artiklane om same tema:
Haugan meiner det vil vere sentralt for at Norge skal halde fram å hevde seg i verdstoppen i ein bransje med sterk internasjonal konkurranse.
Sjølv leiar Haugan eit selskap i medvind. Pilane for både inntektene, driftsresultatet og ordreinngangen peika opp for Kongsberg Maritime i første halvår i 2025.
Og framover ventar dei vidare vekst som følgje av ein aldrande skipsflåte globalt og strengare utsleppskrav.

Må bli flinkare til å omsette idear til eksport
Ein måte å sikre at industrien held tritt med konkurrentane, er å gi støtte til innovasjonsarbeid.
– Vi må halde fram å legge tyngde bak prioritering av offentlege midlar til forsking og utvikling med fokus på kommersialisering. Viss ikkje blir vi akterutsegla av andre land som verkeleg satsar, meiner Hauge.
Norsk maritim industri har eit godt omdøme når det gjeld å utvikle nye løysingar. Utfordringa har gjerne vore å omsette dette til verkeleg store lønnsame bedrifter.
– Vi er flinke på pilotering, men vi må bli like flinke til å sørgje for at pilotane blir gode eksportvarer, seier Kongsberg Maritime-sjefen.
Vi er flinke på pilotering, men vi må bli like flinke til å sørgje for at pilotane blir gode eksportvarer
– Har gitt oss ei unik forståing
Haugan peiker på kunnskap om skip og sjø som ein nøkkel for at den maritime klynga skal halde seg i front framover.
– Den kompetansen har gitt oss ei unik forståing av maritime operasjonar, samtidig som vi har hatt Nordsjøen som testbasseng. Det må vi bevare, seier ho.
Ho tek til ordet for auka merksemd om realfag allereie frå barnehage- og skulealder, som eit ledd i å sikre klynga arbeidskraft på lang sikt.
Forvarsinnkjøpa: – Ein unik sjanse
Dei komande innkjøpa av skip til forsvaret er ein måte styresmaktene verkeleg kan legge til rette for å styrke den maritime klynga.
– Vi er ein unik sjanse med desse investeringane som skal gjerast i tråd med langtidsplanen for forsvaret. Det er betydelege investeringar både i fregattinnkjøp og med standardfartøya, seier Haugen.
– Den moglegheita må vi utnytte og samle oss for å legge ein langsiktig plan for korleis det kan bevare klynga sin posisjon framover, legg ho til.
Forstår dei som opplever at skattetrykket er for høgt
Kongsberg Maritime-sjefen meiner det både er viktig å halde på «det gode trepartsamarbeidet» mellom industri, arbeidstakarar og styresmakter, og ha ein god dialog med EU for å sikre tilgang til marknader.
– Vi er ein liten nasjon og EØS-avtalen er viktig for Norge, og at vi skal klare å halde på gode og stabile rammevilkår, seier ho.
Apropos rammevilkår: Sjølv om Kongsberg slepp utfordringa med eigarar som skal ha ut pengar til formuesskatten, har Haugan forståing for dei bedriftsleiarane som opplever at skattetrykket er for høgt.
– Eg skjønar at det er ei utfordring for mange. Og det er politikarane sitt ansvar, som bør ha fokus på kva som kan vere med å spele industrien gode, legg ho til.
Publisert: 03.10.2025 08:54
Sist oppdatert: 10.10.2025 13:27






