Gadus Neptun
SLAGSIDE: Trålaren Gadus Neptun måtte evakuerast då den fekk slagside i dokken hos Vard Langsten. Arkivfoto
Nytt

Må finne ny dokk etter at trålar «velta»

Har skjedd to gonger på kort tid.

Marius Rosbach
21.11.2023

Vard og reiarlaget Havfisk er på jakt etter anna dokk til fabrikktrålaren som måndag «velta» i dokka ved Langsten-verftet.

Både folk og fartøy «slapp med skrekken» då fartøyet Gadus Neptun fekk slagside av ei framleis ukjent årsak.

Mannskapet på 15 personar blei evakuert i hendinga og skal ha hoppa på sjøen i overlevingsdrakter.

Må rette «småskader»
Trålaren slapp frå uhellet med mindre skader, ifølgje verftsdirektør Ronny Opsjøn Langset. Han fortel at arbeidet Vard skulle gjere medan trålaren var i dokka, må bli utført ein annan plass.

– Først og fremst så vil vi no rette nokre småskader i overbygget på grunn av «velten». Dette gjer vi parallelt med søk etter alternative dokker, opplyser han til NETT NO og legg til at dei har god dialog med reiarlaget om dette.

Skjedd to gonger på kort tid
Tysdag har verftet ikkje klarlagt kva som var årsaka til at trålaren fekk slagside.

Det blir det jobba med å sjekka nærare. I etterkant er det mellom anna gjort undersøkingar med undervassdrone for å finne ut kva som har skjedd.

Ifølgje kanalen skjedde ei tilsvarande hending ved Vard Søviknes-verftet for nokre veker sidan.

Verftsdirektøren meiner sikkerheita er god nok, men forsikrar at årsaka blir undersøkt.

Publisert: 21.11.2023 15:15

Sist oppdatert: 21.11.2023 15:15

Mer om