Maa kansellere to cruise grunna Vard forseinkingar
CRUISESKIP: Skroget til «Hanseatic Inspiration» kom nyleg til verftet, medan systerskipet «Hanseatic Nature» straks skal vere klart for levering. 
Nytt

Må kansellere to cruise grunna Vard-forseinkingar

Ferdigstillinga ved Vard Langsten tek lengre tid enn planlagd.

Marius Rosbach
01.04.2019
Hapag-Lloyd Cruises stadfestar no at dei må kansellere dei to første turane med skipet Hanseatic Nature under bygging hos Vard Langsten.
Hanseatic Nature er det første av tre cruiseskip som Vard byggjer for det tyske cruisereiarlaget. Planen var å gjennomføre ein dåpsseremoni for skipet i Hamburg 12. april, før skipet skulle legge ut på sin første tur dagen etter.

Seglar truleg 5. mai

Kommunikasjonssjef Moritz Krause i Hapag-Lloyd Cruises i midten av mars at dei droppa dåpsseremonien for å spare tid, og ville forsøke å få skipet klart til avgang 13. april.
Dette vert no utsett og skipet er no venta å legge ut på jomfruseglas den 5. mai i staden, melder nettstaden .
Passasjerane på den planlagde jomfruseglasen har allereie fått tilbod om å kansellere sine turar utan kostnad, og 50 prosent avslag på ny tur innan september 2021. Dette gjeld no alle passasjerar på dei to turane.

Rekordmange i jobb

Langsten-verftet til Vard har vore i ein krevjande periode med 1300-1400 i arbeid innfor portane ved verftet i Tomrefjord. Det skal aldri ha vore høgare aktivitet ved verftet enn det har vore den siste tida.
– Det er ekstra mykje folk nå for å ferdigstille skip nummer ein, og ta i mot skip nummer to, fortalde kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard til NETT NO for nokre veker sidan.
Ved Langsten har dei enno eit skip til det tyske reiarlaget på gang, men det vert truleg ei rolegare periode mellom skrog nummer to og det tredje – som først kjem neste år.
Etterpå står tre kystvaktskip for tur, som skal leverast i 2022, 2023 og 2024. Arbeidsstokken ved sjølve verftet er no på nivå med før oljefallet slo innover kysten, med 230-240 faste tilsette.

Milliardskip

Prisen på skipa har ikkje vore oppgitt, men NETT NO har tidlegare anslått at dei kostar rundt ein milliard kroner kvar.
Skipa er 138 meter lange og 22 meter breie, med plass til 240 passasjerar fordelt på 120 lugarar. Skipa er mellom anna utrusta for å gå i farty med is i sjøen.
Les meir:

Publisert: 01.04.2019 12:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33