Moerekysten eigna for taredyrking
TAREÅKER: Kysten utanfor Møre og Romsdal eignar seg godt for dyrking av tang og tare, viser Sintef-rapport. 
Nytt

Mørekysten eigna for taredyrking

Tang og tare kan bli ei ny, stor næring for Møre og Romsdal. Det går fram av ein Sintef-rapport.

01.06.2017
(NPK): Tang og tare er ikkje berre gourmetmat eller helsekost. Algar inneheld også viktige stoff til både mat og medisin. Men i Noreg er det ingen som har prøvd å dyrke tang og tare ute på sokkelen.
– No har vi funne ut kvar dei beste forholda er for storskala dyrking av tang og tare. Kysten utanfor Møre og Romsdal viser seg å vere svært godt eigna, seier rådgivar for akvakultur i Møre og Romsdal fylkeskommune Rebekka Varne i ei pressemelding.
Rapporten skal lanserast på eit seminar i Kristiandsund onsdag.

Mørekysten perfekt

– Dyrking av tang og tare krev store område, og det er noko vi har mykje av utanfor kysten. Det vi ikkje visste, var at dei fysiske forholda er betre og meir stabile rett utanfor sokkelen. Møre og Romsdal er perfekt plassert med kort avstand til sokkelen, dermed ligg alt til rette for å starte opp med prøvedyrking, fortel ho.
Førebels manglar ein løysingar for mekanisk hausting og tørking av algen.

Etterlyser smarte løysingar

– Dette vil vi utfordre lokalt næringsliv på. I Møre og Romsdal har vi lang tradisjon med tørking av fisk og utvikling av mekaniske løysingar til ulike maritime operasjonar. Vi har mange innovative bedrifter som kan bidra med nye løysingar, seier Varne.
Ho vil ikkje spekulere i kor stor næring faktisk kan bli. Men rapporten frå Sintef viser at potensialet er mykje større enn ein var klar over.
– Ideen er å hente ut næringsstoff som kan bli brukt, enten det er til mat, fiskefôr eller medisin. Siste rest kan bli til biogass. Ei slik tilnærming vil også vere svært gunstig for miljøet. Dette er grønt skifte og utnytting av havrommet i praksis, seier Varne. (©NPK)

Publisert: 01.06.2017 14:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:02