Moerenot ber om investor svar innan ein maanad
BER OM BOD: Moglege kjøparar av Mørenot får tilsendt prospektet i denne veka. Mørenot-eigarane ber om svar i løpet av ein månads tid, men har ikkje sett nokon absolutt frist. Dei seier heller ikkje noko om kva pris dei ventar seg.
Nytt

Mørenot ber om investor-svar innan ein månad

Mørenot er i ferd med å sende ut prospekt til moglege kjøparar av konsernet. Ber om svar innan ein månad.

06.09.2017
Mørenot lagar garn, nøter, tauverk og seismikkutstyr, med selskap i oppdrett-, fiskeri og oljebransjen som sine store kundar.
Dei siste åra er det spesielt oppdrettsnæringa som har vore i vinden, og Mørenot er blant leverandørane til den gigantiske havmerda som Salmar er i ferd med å få på plass utanfor Trøndelagskysten.
Eigarane har arbeidd med sal et stund, og no er prospektet på veg ut til moglege kjøparar, .

Ingen pris no

- Eit reint informasjonsprospekt, seier styreleiar Sveinung Flem i Mørenot om innhaldet i prospektet.
Prospektet innheld ingenting om kva pris Mørenoteigarane ventar seg ved eit sal. Det får kome i neste runde.
- Vi håpar dette skal bli eit tema på eitt eller anna tidspunkt, seier Flem til NETT NO.
Eigarane har ikkje sett nokon absolutte fristar for når salsprosessen skal vere ferdig, men Flem seier dei som får prospektet er bedt om å gi ei tilbakemelding i løpet av ein månads tid.
- Vi har heile tida sagt at kvalitet i prosessen er viktigare enn tempo, seier Flem.

Vil ha selskapet i styringa

- Eigarane har snakka om konsolidering i bransjen, og den ser vi kjem. Dette gjer at vi har starta prosessen for å sjå om det er riktig å selge, sa konsernsjef Knut Berge til NETT NO i august.
Sjølv om aksjonærane legg selskapet ut for sal har dei likevel eit ønskje om at Mørenot skal ta ei førande rolle i konsolideringa av bransjen, i følgje Flem.
- Det primære ønskjet er at Mørenot i kraft av sin storleik skal vere ei plattform for ei vidare konsolidering, seier Flem.

Både industrielle og finansielle

Det er Saga Corporate-partnar Ivar Alver i Bergen som har ansvaret for salet. Han seier til Intrafish at både industrielle og finansielle aktørar, i Noreg og utlendet, får prosepektet tilsendt.
Alle som får dokumentet må skrive under på ei konfidensialitetserklæring.
Eigarane er ute etter å selje heile konsernet, men Alver seier nokre av eigarane kan kome til å reinvestere salssummen i selskapet dersom det blir ein finansiell aktør blir eigar.
Ein finansiell aktør kan til dømes vere eit investeringsfond som kjem inn som aksjonær, gjennomfører oppkjøp og samanslåingar og deretter sel vidare eller børsnoterer selskapet etter nokre år.
Fleire selskap på Nordvestlandet har, eller har hatt slike fond som eigarar; Optimar (Credo), Saferoad (Nordic Capital), Fora Form (Credo) og Norva24 (Valedo) er ferske døme.

Mange eigarar

Mørenot har heile 23 aksjonærar. Hovudkontoret ligg i Søvika i Haram.
Dei tre største med kvar 11,4 prosent er PVR ved Per Ringstad, Notloftet ved Terje Ringstad og Notvika ved Nina, Ewa og Camilla Hildre. Bodil Larsen og Gro Akselsen eig kvar sju prosent, medan resten av eigarane eig under fem prosent kvar.
Konsernet hadde 522 tilsette ved årsskiftet.

Publisert: 06.09.2017 15:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13