- Vi er i ein strukturell overskotssituasjon i Norden som vil vare ut på 20-talet, og kanskje enda lenger. Det vil vere tyngst (for kraftprodusentane, red. merk) i første halvdel av 20-talet, seier kraftmarknadsanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi.
Det er bygt ut ny straumproduksjon raskare enn etterspørselen har auka. Difor har prisane falle. I 2020 kom ein uvanleg mild vinter og mykje nedbør på toppen, og pressa prisane ytterlegare nedover.
- Vi har så langt ikkje fått fart på elektrifiseringa og det nye forbruket, seier Havåg.
Frå 2019 til 2020 fall gjennomsnittsprisen i spotmarknaden (der prisen varierer frå dag til dag) frå i underkant av 40 euro per MWh til 9,5 Euro - tilsvarande 10 øre per kilowatt-time. Månadsnedbøren for heile landet var 115 prosent av normalen, skriv Havåg i månadsrapporten for Tussa Energi.
Med ein kald og tørr start på året er prisen i sportmarknaden no oppe i over 67 euro per MWh, men det er berre ein kortvarig topp. Prisen for kraft for levering om eit par veker er nede på 30 euro per MWh.
Ordninga er i ferd med å bli avslutta i Noreg, og har uansett ikkje lenger stor betydning sidan dei grøne sertifikata har blitt verdilause.
I Noreg gjer dessutan politisk motstand at Havåg trur ikkje det blir bygd ut mykje vindkraft framover ut over utbyggingar som er i gang. I Sverige er det derimot full gass, med planar om ein dobling av vindkraftproduksjonen.
I fjor ville styre og administrasjon i Tussa utsette å betalt ut utbytte etter 2019, på grunn av utsiktene til eit dårleg resultat frå kraftproduksjonen i 2020.
Det enda med fleire tøffe runder med eigarane, med Ørsta kommune i spissen, før administrasjon, styre og eigarane samla seg om eit kompromiss. Eigarane fekk utbytte, men sa samstundes ja til ei mogleg kapitalutviding.
Men i blei det ikkje bra. 2020 er det verste året Ryslett har vore borti som kraftprodusent, med ein gjennomnsnittspris til kraftverka på 9,5 øre per kilowattime. Førre botnår var i 2001, då han fekk 10,8 øre per kilowatttime.
No håpar han kraftmagasinen krympar og at nedbørsmengden blir på eit gjennomsnittleg nivå.
- Då tener vi pengar, seier han.
Det er bygt ut ny straumproduksjon raskare enn etterspørselen har auka. Difor har prisane falle. I 2020 kom ein uvanleg mild vinter og mykje nedbør på toppen, og pressa prisane ytterlegare nedover.
- Vi har så langt ikkje fått fart på elektrifiseringa og det nye forbruket, seier Havåg.
Fulle magasin
Det kom så mykje nedbør i fjor at magasina i Norden er no fullare enn vanleg. Kraftprodusentane har ikkje fått brukt opp alt vatnet som fyllte opp magasina i fjor, etter store snømengder sist vinter og regn gjennom sommar og haust.Frå 2019 til 2020 fall gjennomsnittsprisen i spotmarknaden (der prisen varierer frå dag til dag) frå i underkant av 40 euro per MWh til 9,5 Euro - tilsvarande 10 øre per kilowatt-time. Månadsnedbøren for heile landet var 115 prosent av normalen, skriv Havåg i månadsrapporten for Tussa Energi.
Med ein kald og tørr start på året er prisen i sportmarknaden no oppe i over 67 euro per MWh, men det er berre ein kortvarig topp. Prisen for kraft for levering om eit par veker er nede på 30 euro per MWh.
Meir vindkraft
Subsidiering av utbygging av meir fornybar kraftproduksjon gjennom såkalla grøne sertifikat (sjå faktaboks) har gitt både ny vass- og vindkraft, så mykje at vindkrafta vil utgjere utgjer opp mot 20 prosent av samla forbruk i Norden i 2021 .Ordninga er i ferd med å bli avslutta i Noreg, og har uansett ikkje lenger stor betydning sidan dei grøne sertifikata har blitt verdilause.
I Noreg gjer dessutan politisk motstand at Havåg trur ikkje det blir bygd ut mykje vindkraft framover ut over utbyggingar som er i gang. I Sverige er det derimot full gass, med planar om ein dobling av vindkraftproduksjonen.
Strid om utbytte
Billegare straum betyr at inntektene til kraftselskapa krympar og dermed også grunnlaget for å betale utbytte til eigarane. Både Tafjord og Tussa har kommunar som storaksjonærar, og har i fleire år betalt ut utbytte som har monna i kommuneøkonomien.I fjor ville styre og administrasjon i Tussa utsette å betalt ut utbytte etter 2019, på grunn av utsiktene til eit dårleg resultat frå kraftproduksjonen i 2020.
Det enda med fleire tøffe runder med eigarane, med Ørsta kommune i spissen, før administrasjon, styre og eigarane samla seg om eit kompromiss. Eigarane fekk utbytte, men sa samstundes ja til ei mogleg kapitalutviding.
Verste år sidan starten
Trond Ryslett bygde sitt eige kraftverk på garden ved Austefjorden i Volda 1998, og har etterpå stått i spissen for fleire småkraftutbyggingar i Austefjorden, som samla sett har gitt eigarane gode inntekter.Men i blei det ikkje bra. 2020 er det verste året Ryslett har vore borti som kraftprodusent, med ein gjennomnsnittspris til kraftverka på 9,5 øre per kilowattime. Førre botnår var i 2001, då han fekk 10,8 øre per kilowatttime.
No håpar han kraftmagasinen krympar og at nedbørsmengden blir på eit gjennomsnittleg nivå.
- Då tener vi pengar, seier han.
Vi har så langt ikkje fått fart på elektrifiseringa og det nye forbruket
Publisert: 08.01.2021 06:00
Sist oppdatert: 08.04.2021 17:22