Global Fish troebbel i Floroe
FLORØ: Foredlingsselskapet til Global Fish ligg i Florø. Hovudkontoret er i Ålesund.
Nytt

God start, tøffare etterpå

Driftsinntektene til Global Fish-konsernet har blitt over seks gangar større på åtte år.

04.07.2023

Dagens Global Fish-konsern hadde sitt første heile driftsår i 2013, med 154 millionar kroner i driftsinntekt.

I fjor nådde konsernet nesten milliarden (sjå tabell) i driftsinntekt.

Etter eit resultat før skatt rundt null dei første åra blei 2022 det tredje året på rad med ei lønsemd på eit høgare nivå.

Industri- og fiskerieigarar
Global Fish har eit foredlingsanlegg for sild, makrell og andre pelagiske fiskeslag i Florø, som også er hovudverksemda i konsernet.

Eigarane er brørne Geir Robin og Jan Otto Hoddevik med familiar, saman med fiskebåtreiarlag Dahl Fiskeri, Teigebris og Teigenes. Hoddevik-brørne og fiskebåtreiarane er medeigarar gjennom selskapet Global Fish Holding.

Den andre aksjonæren er selskapet Lofoten Viking, der Nergård-konsernet er største eigar.

Prisfall på rogn
I år har sal av lageret av makrell frå i fjor og makrell som vart produsert i januar i år vore med på å gi konsernet ein god start.

Makrellen har vore seld til stigande prisar, mellom anna ved hjelp av ei gunstig valutakursutvikling, ifølgje årsmeldinga.

Norsk vårgytande sild har derimot trekt motsett veg så langt i år. Silda har vore dyr i innkjøp og prisane i marknadane i Egypt, Vest-Afrika og Aust-Europa har gitt eit skuffande økonomisk resultat hittil i år, ifølgje årsmeldinga for 2022.

Negativ er også utvikling i prisen på lodde-og silderogn. Dagleg leiar Geir Robin Hoddevik anslår at den negative resultateffekten av prisfallet utgjer 15-20 millionar kroner samanlikna med i fjor, om dagens prisnivå held seg.

Global Fish as (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt966,3788,0
Driftsresultat85,469,2
Resultat før skatt66,346,7

Publisert: 04.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 03.07.2023 20:22

Mer om