Global Florø anlegg 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
OPP OG NED: Driftsinntekten steig og lømnsemda gjekk ned for Global Fish i fjor. Selskapet har hovudkontor i Ålesund og anlegg i Florø (biletet). I fjor sysselsette selskapet 79 årsverk. Foto: Global Fish
Nytt

Kartong-sjokk for Global Fish

Fiskerikonsernet fekk ikkje like god lønsemd i fjor som året før.

27.06.2022

Emballasjekartong er ein stor utgiftspost for Global Fish. Når sild og makrell er ferdig pakka, frosen og klar til utskiping frå anlegget i Florø er det kartongøskjer fisken er pakka i.

Prisauken starta i fjor sommar og i dag er emballasjen blitt 60-70 prosent dyrare, seier medeigar Geir Robin Hoddevik.

Det utgjer ein kostnadsauke på rundt 10 millionar kroner på årsbasis.

I 2020 fekk Global Fish også hjelp av ei gunstig valutakursutvikling, medan valutautviklinga i fjor trekte motsett veg

Satsa i Florø
Global Fish planla eit fabrikk- og lagerbygg for pelagisk fisk (sild, makrell, kolmule og liknande fiskeslag) til mellom 250 og 270 millionar kroner i Egersund, men la vekk planane i februar 2018 etter at prisanslaget hadde passert 300 millionar kroner.

I staden tok selskapet over konkurrenten Pelagia sitt tidlegare anlegg i Florø, og investerte i nytt utstyr. I fjor vart fryselageret i Florø utvida med 11.500 tonn, ei investering på 55-60 millionar kroner.

Eksport til Ukraina
Den ukrainske marknaden står for omlag 10 prosent av driftsinntektene til Global Florø.

Med unntak av ei kort periode rett etter det russiske angrepet på Ukraina starta har Global Fish greidd å oppretthalde storparten av salet til Ukraina.

I staden for skip til hamnen ved Svartehavet blir fisken no frakta inn i Ukraina med lastebil via Litauen og Polen.

Konsernet sysselsette 79 årsverk i fjor og er eigd 60 prosent av Global Fish Holding (med Geir Robin Hoddevik, Jan Otto Hodddevik og Sigurd Teige som sentrale eigarar) og 40 prosent av Lofoten Viking (med Nergårdkonsernet som hovudaksjonær).

Global Fish as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt788,0655,2
Driftsresultat69,255,9
Resultat før skatt46,758,5

Publisert: 27.06.2022 14:30

Sist oppdatert: 27.06.2022 19:03

Mer om