Mange misser jobben ved Havyard verft
TØFFE TIDER: Det nystarta verftsselskapet til Havyard har møtt utfordringar med både marknaden og lokal koronasmitte. No legg dei om drifta. 
Nytt

Mange misser jobben ved Havyard-verft

Dei tilsette fekk vite at verftet gir opp nybygg og legg om drifta - og etterpå gjekk aksjekursen rett opp. 

Marius Rosbach
05.11.2020
Havyard Group opplyser torsdag at verftet i Hyllestad kommune vil legge om drifta og satse på reparasjon og service framover. Det betyr at kring 100 tilsette vil misse jobbane sine i løpet av det neste året.
Dei tilsette i New Havyard Ship Technology fekk vite om avgjerda og følgjene på eit allmøte torsdag. Arbeidsstokken vil bli redusert i takt med at dei komande nybygga blir ferdige ved verftet i år og neste år.
Dagleg leiar Erlend Hatleberg seier at døra ikkje er lukka for godt for nybygg, og at det framleis vil vere ein mogleg marknad i framtida.

– Tvingande nødvendig

Konsernsjef Gunnar Larsen i Havyard Group opplyser i pressemeldinga at det har vore ei vanskeleg avgjerd.
– Men strategien om å bli eit service- og reparasjonsverft er tvingande nødvendig for å bevare flest mogleg arbeidsplassar, uttalar han.
Larsen fortel at marknaden for nybygg er svært utfordrande, samtidig som dei ser lønnsemd på servicemarknaden. Konsernsjefen meiner anlegget gir gode føresetnader for å gå inn i marknadene for service, ombygging og reparasjon.

Aksjekursen gjekk opp

Kursen på ved Oslo Børs gjekk opp etter nyheita. Eit par timar før børsslutt var den opp med meir enn 30 prosent i løpet av dagen.
Børsverdien på konsernet har meir enn dobla seg sidan starten av oktober. Den ligg likevel ikkje på meir enn kring 156 millionar kroner med ein kurs på 4,79 torsdag ettermiddag.
Selskapet sende ut ei kort om saka, og viste elles til pressemeldinga.

Meiner krisetiltak ikkje er gode nok

I pressemeldinga går Havyard-sjefen i rette med innsatsen til styresmaktene. Han meiner tiltaka som er varsla, ikkje er gode nok til å bevare arbeidsplassane i skipsbyggarbransjen.
Larsen viser til at koronapandemien gir store utfordringar i form av auka utgifter. Fleire verft slit også med å halde tempoet oppe i prosjekta sine.
Leirvik-verftet har i tillegg hatt trøbbel med å få kontroll på smitten hos arbeidarane. Det førte til at verftet var stengt i fleire veker tidlegare i haust.

Seks nybygg i år og neste år

New Havyard Ship Technology for å vidareføre verftsverksemda, etter at det førre verftselskapet fekk økonomiske problem. Allereie i august fortalde salsdirektør Lars Conradi Andersen til NETT NO at verftet ville gjere meir av ombyggingar og reparasjonar.
Verftet hadde då kring 170 tilsette, og har levert ein rekke nye fartøy dei siste åra. På slutten av sommaren leverte dei batteriferje nummer 13 i løpet av berre 2,5 år.
Framover har verftet seks nybygg som skal leverast i år og neste år.

Les også:





Strategien om å bli eit service- og reparasjonsverft er tvingande nødvendig for å bevare flest mogleg arbeidsplassar

Publisert: 05.11.2020 13:31

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:05