Flybilde Oclin medium 1 foto Maritech
SJØMATBRANSJEN: It-tenester for sjømatbransjen står for 66 prosent av inntektene for Maritech Systems. Selskapet sine system gjer det mellom anna råd å spore lasten. Biletet viser pallar med fisk som skal flyfraktast ut i verda. Foto: Oclin
Nytt

Maritech Systems jaktar fleire folk

Tilsette 26 nye i fjor. Skal ha nesten like mange i år.

12.01.2022

It-selskapet Maritech Systems meir enn dobla driftsinntektene frå 2017 til 2020, og held fram veksten også i 2021 og 2022.

I fjor tilsette selskapet 26 nye; mellom anna utviklarar, prosjektleiarar, dataanalytikarar og konsulentar. I år er planen å tilsette nesten like mange, seier marknadsdirektør Marie Gjære Gundersen.

Selskapet har nettopp inngått det Gjære Gundersen karakterisere som "ein stor kontrakt", med oppdrettselskapet Grieg Seafood. Maritech Systems er i ferd med levere det nettbaserte systemet for styring og kontroll av kjøp og sal av sjømat, og har samstundes levert ei ny logistikkløysing og eit kvalitetsstyringssystem (pilot) knytta til dette. Grieg er i tillegg pilotkunde for Maritech si nye skyløysing for prosessering.

Satsar på sjømat
Omlag 66 prosent av driftsinntektene til Maritech Systems kjem frå kundar i sjømatsektoren, 27 prosent frå logistikkbransjen.

Det som starta som Averøy Dataservice, eit lite it-selskap på Averøy, er i dag blitt til Maritech Systems med 116 tilsette ved starten av 2022.

Averøy er framleis hovudkontoradressa, men avdelinga i Molde har flest tilsette. 70 personar arbeider i Molde, 19 på Åndalsnes. Selskapet har også tilsette i Nord-Amerika, Island, Chile og Sverige

Investeringselskapet Ferd er største eigar, gjennom Broodstock Capital. Ferd er eigd av Andresen-familien i Oslo, som tidlegare var stor i tobakkbransjen.

I pluss
Reknskapstala til Maritech Systems (sjå tabell) viser eit selskap i kraftig vekst, med oppkjøp og oppbemanning, og at veksten også har kosta.

Både i 2019 og 2020 gjekk selskapet i minus.

I 2021 betra lønsemda seg, og i år budsjetterer selskapet med overskot, seier Gjære Gundersen.

Maritech Systems as (konsern)
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt147,7107,8
Driftsresultat-16,7-11,4
Resultat før skatt-17,9-12,0

Publisert: 12.01.2022 11:16

Sist oppdatert: 12.01.2022 12:25

Mer om