Ann-Jorun Myrheim (20) Anne Grethe Rugseth (24) var mellom mange studentar som hadde teke turen på jobbmessa på Bli med hit! i Oslo.
Venninnene er begge under utdanning og vurderer å flytte til Nordvestlandet på sikt. Måndag fekk dei møte ein rekke arbeidsgivarar som kunne ha behov for dei i framtida
– Det er masse bedrifter eg ikkje visste om, og eg har lært masse om kva moglegheiter som finst, seier Rugseth til Nett No.
Vil flytte heim etter utdanning
Studentduoen har satsa på HR- og personalleiing. Rugseth som kjem frå Averøy har eitt år igjen av ein master i innovasjonsleiing i Oslo.
Deretter skal ho til Bergen, men ser føre seg å flytte til heimfylket når ho er ferdig utdanna.
– Eg håpar at eg kan få ein jobb ein gang i framtida, der eg kan kople dei to tinga saman. No ville eg sjå kva moglegheiter som finst heime. Dei var fleire enn eg hadde trudd, legg ho til.
Snakka med fleire aktuelle kandidatar
Studentane tok mellom anna ein prat med revisjons- og rådgivingsselskapet Cedra, som var på plass for å rekruttere folk til sine kontor i Ålesund og Molde.
Mathilde Brox jobbar ved Ålesund-kontoret, og med seg på standen hadde ho Julie Nyeggen frå HR-avdelinga i Oslo.
– Vi er i første rekke ute etter å rekruttere flinke folk innan juss og økonomi, seier Brox.
Dei fortel at det er mykje snakk i bransjen om konsekvensane av meir bruk av kunstig intelligens. Så langt har dei ikkje opplevd at det har gitt utslag i mindre etterspurnad etter folk.
– Vi har mål om å vekse, og har snakka med fleire i løpet av dagen som kan vere aktuelle for oss, fortel Brox.

Mange slit med å rekruttere rett folk
Møre og Romsdal er mellom fylka som slit mest å finne folk med rett kompetanse. NHO sitt konjunkturbarometer frå i vinter viste at heile 63 prosent av bedriftene i fylket hadde behov dei ikkje fekk dekka.
Det er noko av årsaka til at kring 60 ulike aktørar stilte på stand under jobbmessa i Oslo. Her var både kommunar, fylkeskommune og utdanningsinstitusjonar, i tillegg til bedrifter frå ein rekke bransjar.
Mange hadde med seg konkrete stillingar dei ville ha folk til. Andre ville gjerne ha opne søknader, fordi dei stadig har behov for nye tilsette.
Publisert: 21.04.2026 14:03
Sist oppdatert: 21.04.2026 14:14






