Nils Nordstrand forsvaret foto Marius 11
TRENG NYE SKIP: Kommandørkaptein Nils Nordstrand med skisser av type fartøy Sjøforsvaret ser behov for framover. Tidlegare er det antyda eit ønske om å bygge kring 20 nye skip i åra framover. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Meiner det hastar med å ta avgjerd om nye krigsskip

Kommandørkaptein åtvarar mot kostnadene med å vente – og rår klynga til å stå saman om dei skal kome i posisjon til oppdrag.

Marius Rosbach
09.03.2024

Det er betydelege behov for nye fartøy til forsvaret dei komande åra. Spørsmålet er kvar dei skal kome frå – og ikkje minst kva tid.

Under torsdagens Ocean Summit på Finnøy fortalde kommandørkaptein Nils Nordstrand korleis Sjøforsvaret ser på situasjonen.

Kort fortalt meiner han det hastar med å ta ei avgjerd om kva fartøy ein skal satse på. Også rår han den maritime industrien her heime om å stå saman om dei overhovudet skal kome i posisjon til å kapre betydelege kontraktar.

– Industrien vil nok klare å levere. Spørsmålet er om staten klarer å bestille i tide, seier han til NETT NO.

Om vi skal vidareføre sjøforsvaret som i dag, så har vi frykteleg dårleg tid
Nils Nordstrand

Er behov for fleire type fartøy
I løpet av kort tid er det venta at regjeringa kjem med ny forsvarsplan. Ettersom kommandørkapteinen er nestleiar for arbeidet med langtidsplan og utvikling i Sjøforsvaret, var det nok fleire som håpte på nokre lekkasjar.

Dei kom ikkje – men Nordstrand var tydeleg på at det hasta for politikarane med å ta ei avgjerd. Han påpeika at det vil vere behov for å erstatte fem kystvaktskip innan 2030.

Samtidig er det planar om å bygge fleire sokalla standardiserte fartøy, som vil vere mindre marinebåtar av ulik storleik. I dagens planar ligg store investeringsavgjerder først inne ein gong etter 2027.

– Om vi skal vidareføre sjøforsvaret som i dag, så har vi frykteleg dårleg tid, seier han.

– Dyrt, dårleg økonomi og vanskeleg
Nordstrand påpeika at Sjøforsvaret sitt behov først og fremst er å få erstatta skipa som blir teke ut, eller dei ikkje lengre kan vedlikehalde.

– Om vi kjem til 2028 og det viser seg at ingenting er bestemt, så kan vi leige fartøy på korttids-kontraktar, seier han.

I fleire tiår har Sjøforsvaret leigd inn ulike skip og kommandørkapteinen meiner forsvaret vil vere i stand til å få på plass den flåten som trengst. Men han åtvarar mot å få hastverk.

– Det blir dyrt, dårleg økonomi og vanskeleg, legg han til.

Dåp kystvakt bjørnøya vard langsten foto marius 44
STORE OPPDRAG: Vard Langsten har levert ein rekke skip til Forsvaret. Det siste var kystvaktskipet Bjørnøya som blei døypt i november. Foto: Marius Rosbach

Ønsker ikkje pilotprosjekt
Vard har vore den klart største leverandøren til Sjøforsvaret på Nordvestlandet dei siste åra. Men også fleire aktørar i den maritime klynga har jobba med å utvikle skip og utstyr til forsvaret.

Kongsberg Maritime har gått saman med fem verft om å utvikle ein standardisert skipsmodell, og har ønska seg pengar til eit pilotprosjekt.

Akkurat om eit pilotfartøy får ei lunken mottaking av Nordstrand i Sjøforsvaret.

– Vi ønsker eit prosjekt som gjer at vi kan gå til ein leverandør i ein så tidleg fase at produktet ikkje er klart, slik at vi kan påverke. Vi vil heller lage ein digital pilot, og så serieprodusere. Litt som å gå i butikken og «spekke» bilen. Vi ha ikkje tid til dei mest tidkrevjande prosessane, seier han.

– Må finne saman
Ei opptrapping i investeringane har skapt forventingar den maritime klynga om at oppdrag med å bygge skip til forsvaret, kan bidra til betydeleg aktivitet for dei komande åra.

I tilfelle må industrien stå samla, er Nordstrand sitt råd.

– Forsvarssektoren har ikkje personell til å ha mange små kontraktar, så ein må finne saman for i det heile å få vere ein part som vi skal forhalde oss til, seier han.

Samtidig er han tydeleg på at norsk industri er avgjerande for at forsvaret skal ha moglegheiter til å vedlikehalde skipa sine.

Even Aas Kongsberg Foto Marius
DYSTERT BAKTEPPE: Even Aas frå Kongsberg Gruppen trudde det ville komme løyvingar til standardiserte fartøy til forsvaret i den komande forsvarsplanen. Foto: Marius Rosbach

– Trur det blir nok til alle
Stein Inge Lien (Sp) var mellom politikarane som var representert frå regjeringspartia på det maritime toppmøte på Finnøy.

– Flåten må fornyast og det er stort omfang. Eg trur det blir nok til alle, sa han til forsamlinga.

Sjølv om ei opptrapping av investeringane til forsvaret kan gi gode inntekter for industrien, er det eit dystert bakteppe som er årsaka.

At det er viktig å vere meir bevisst, fekk forsamlinga eit døme på då Ronny Langset i Vard fortalde korleis dei hadde avslørte det som truleg var ein fordekt russisk leveranse.

Drastiske endringar
Even Aas som er konserndirektør for samfunnskontakt og kommunikasjon i Kongsberg Gruppen – og styreleiar i Maritimt Forum som stod for Ocean Summit-arrangementet, peika på at fleire ting har endra seg drastisk.

– Det er lenge sidan verda har opplevd så stor usikkerheit, sa han.

Det andre er mangelen på tillit og mindre respekt for globale handelsreglar .

Å forstå sikkerheitspolitikk meinte han ville bli avgjerande. Han var like sikker på at den maritime klynge kunne spele ei viktig rolle fordi norsk maritim industri har høg grad av tillit nasjonalt.

Publisert: 09.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 09.03.2024 13:45

Mer om